LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i tverrfagleg marin forsking - Bioprospektering

Søknadsfrist: 06.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i tverrfagleg marin forskingsaktivitet innan bioprospektering. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, kor eit år består av pliktarbeid (til dømes undervisning og organisering av seminar).

Stillinga er knytt til det tverrfaglege prosjektet «Targeting high-value products from seaweeds and epiphytes», og kandidaten vil bli ein del av forskingsgrupper på både Kjemisk institutt og Klinisk institutt 2, samt samarbeida med industripartnar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet har som målsetting å utforska høgverdige produkt i frå tare, samt i frå tarens epifyttmateriale, hausta av industrielle samarbeidspartnarar.

Ph.d. stipendiaten vil bli involvert i ekstraksjon og kjemiske analyser av det marine materialet (Jordheim forskingsgruppe, Kjemisk institutt), bioassays (Herfindal forskingsgruppe, Senter for farmasi, og Klinisk institutt 2) for målretta fraksjonering og isolering, samt dokumentering av anti-cancer aktivitet, toksisitet og identifikasjon av aktive molekyl.

Prosjektet krev ein kandidat som har ferdigheiter og interesse av analytisk laboratorieabreid. All relevant bakgrunn vil bli tatt til vurdering i evaluerings prosessen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kjemi eller farmasi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjaren må ha erfaring med minst eitt av dei følgande instrumenta: HPLC/UHPLC, MS eller NMR.
  • Erfaring frå isolasjon og karakterisering av naturstoff er ein fordel.
  • Erfaring frå arbeid med cellekulturar er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Gode norskkunnskapar er ein fordel

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiatSamla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling innan den tverrfaglege marine aktiviteten.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanningaSom ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 482 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. Vitnemål må ettersendast.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar, jfr. Krav til engelskkunnskapar ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Monica Jordheim, Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen, telefon + 47 55 58 35 48, e-post: monica.jordheim@uib.no
  • Professor Lars Herfindal, Senter for farmasi, Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen, telefon + 47 55 97 46 28 , e-post: lars.herfindal@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS