LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i sedimentær geologi – NFR Centre for Sustainable Subsurface Resources (CSSR)

Søknadsfrist: 10.06.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ph.d.-stipendiat i sedimentær geologi – NFR Centre for Sustainable Subsurface Resources (CSSR).

Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i sedimentær geologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Stillinga er ein del av senteret ‘Center of Sustainable Subsurface Resources' (CSSR). Hovudambisjonane til CSSR er å skapa kunnskapen som trengst i omstillinga til lavkarbon som den norske petroleumsindustrien står framfor dei neste tiåra. Eit sentralt punkt inkluderer verknaden av auka elektrifisering, der drifta vil bli påverka av flukteringar knytt til fornybar energi og svingande straumprisar. Dette opnar for å forstå nye fysiske prosessar, både når det gjeld flyt i reservoar, men også når det gjeld kortsiktige energilagringskonsept, ved bruk av energiberarar som hydrogen.

Berekraftig bruk av norsk sokkel er avgjerande for å nå forplikta mål om å kutte klimagassutslepp i Noreg og vil fremme klimanøytrale teknologiar over hele verda. CSSR har som mål å skape betre forståing og utvikle modelleringsevner for komplekse prosessar i undergrunnen, relevant for 1) lagring av CO2, 2) hydrogen og andre energiberar med lavt karbonavtrykk og 3) effektiv reservoardrenering. Ph.d.- kandidaten vi søker vil undersøke triasavsetjingane på den norske sida av den nordlege Nordsjøen, med fokus på sedimentær geometriar og heterogenitetar relevant for reservoaråtferd ved CO2-lagring og tidsvariable trykkendringar.

CSSR er eit samarbeid mellom NORCE og Universitetet i Bergen, og mottar midlar frå Norges forskningsråd og interessentane i industrien.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

For å fastslå kor effektiv korttidslagring av energi kan vere trengs ny forståing av fysiske prosessar og kontrollerande mekanismar ved lagring og uttak av energiberarar frå undergrunnen. For å forstå reservoaråtferd under tidsvariabel produksjon, kortsiktig energilagring og lagring av reaktive væsker (CO2), må viktige faktorar slik som tilkopling av reservoarsandkroppar, reservoarheterogenitet og fordeling av reaktive bergartar bli undersøkt og konseptualisert. Ph.d. kandidaten vil arbeide i eit tverrfagleg forskingsteam , der væske-væske/væske-bergart og biokjemiske interaksjonar vil bli undersøkt i prosessar der mellomlagring av energi er målet. Ph.d.- kandidaten vil undersøke dette hovudsakleg i dei triassiske avsetjingane på den norske sida av den nordlege Nordsjøen, med fokus på Hordaplatformen og Utsirahøyden, og dei viktigaste arbeidsoppgåvene vil vere å:

- Undersøkje geologiske kontrollmekanismar på avsetjingsarkitektur og heterogenitet i dei triassiske avsetjningane

- Foreta studiar av geologiske analogiar på land for å betre forstå geometri på sandkroppar, heterogenitet på sandkroppar, og samle geostatistiske data

- Utvikle konseptuelle geologiske modellar som kan brukast i reservoarsimulering

- Delta i eksperimentelle strømningstudiar som brukar analogiar frå blotningar i simuleringsmodellar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innanfor geovitskap som er relevant for oppgåva, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring innan sedimentologi er eit krav.
  • Erfaring med tolking av kjerne- og loggdata er eit krav.
  • Erfaring med alluviale avsetjingar er ein føremon .
  • Erfaring med sedimentologisk feltarbeid er eit krav.
  • Erfaring med 3D seismisk tolking (ideelt i Petrel) er ein føremon.
  • Erfaring med statisk og dynamisk reservoarmodellering er ein føremon.
  • Erfaring med sedimentær petrologi er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar/referansar.
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.no.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Christian Haug Eide (christian.eide@uib.no) eller
  • Professor Rob Gawthorpe (rob.gawthorpe@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS