LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d. stipendiat i naturstoffkjemi / farmakognosi

Søknadsfrist: 24.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i naturstoffkjemi / farmakognosi

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d. stipendiat i naturstoffkjemi / farmakognosi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Senter for farmasi og forskingsgruppa i farmakognosi som ein del av det tverrfakultære forskingsprosjektet «Unique natural products as potential drugs against COVID-19 viral infections».

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Hovudmål er å isolere, karakterisere og teste unike antivirale naturstoff som potensielle verkestoff i framtidige lækjemiddel for behandling av COVID-19 infeksjonar. Prosjektet er eit internasjonalt samarbeidsprosjekt som involverer forskingsgrupper på fleire kontinent.

Personen som vert tilsett skal også delta i undervisning og andre arbeidsoppgåver ved Kjemisk institutt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i farmasi eller kjemi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.07.2021. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det er eit krav om anten erfaring med bruk av kromatografiske metodar eller erfaring med NMR spektroskopi, og det er ønskeleg med begge deler.
  • Erfaring frå isolering og karakterisering av naturstoff er ønskeleg.
  • Erfaring med cellekultur er ønskeleg.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar): Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 01.07.2021).
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

  • Professor Torgils Fossen, Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen, Telefon: +47 55 58 34 63
  • Professor Svein Haavik, Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen, Telefon: +47 55 97 46 15

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS