LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i fjernmåling og glasiologi

Søknadsfrist: 25.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fjernmåling og glasiologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Stillinga er finansiert av Universitet i Bergen, men stipendiaten skal også bidra til andre pågåande prosjekt på instituttet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Forskingsgruppa for kvartærgeologi og paleoklima har fleire aktive prosjekt relatert til studie av tidlegare glasiologiske og miljømessige tilhøve. Gruppa har også nyleg begynt å komplimentere analysane sine ved å nytte fjernmåling og geomatikk, som til dømes samanlikning av digitale terrengmodellar for å kalkulere geodetiske massebalansar og volumendringar av brear, kunstig intelligens for å karakterisere landformer og landskap, og tidsserieanalyse for å betre forståinga vår på endring i landskapsdynamikk. Gruppa si primære fokus er på pol-områdane, sjølv om fleire av forskarane også er aktive i Himalaya, på Island og i Andesfjellene. Denne doktorgradsstillinga skal koplast til bruken av moderne teknologiar for fjernmåling innan pågåande forskingsområde. Kandidaten kan til dømes bruke fjernmåling for å undersøkje endringar på brear (til dømes volum og hastigheit), men også å bruke metodar som maskinlæring eller “Object-Based Image Analysis” (OBIA) for å kartlegge glasiologiske signaturar i landskapet.

Gjennom diskusjon med hovudrettleiar vil kandidaten utvikle forskingsmåla og velje studieområde. Dette arbeidet vil også bli støtta aktivt av eit breitt nettverk av samarbeidspartnarar som forskar i ulike glasiologiske regionar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan geovitskap, naturgeografi eller geomatikk eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med å jobbe med fjernmålingsanalyse og GIS er eit krav.
  • Erfaring med spesifikke fjernmålings metodar , for eksempel fotogrammetri, topografisk analyse, maskin læring, eller programmering er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanningaSom ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg tilførsteamanuensis Benjamin Robson (benjamin.robson@uib.no).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning.

Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Powered by Labrador CMS