LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i fiskeribiologi og teknologi

Søknadsfrist: 04.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for biovitskap (BIO) på Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som ph.d. stipendiat i fiskeribiologi og teknologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av forskningsrådet og knytt til senter for forskingsdrevet innovasjon CRIMAC koordinert av Havforskingsinstituttet (BIO er partner).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

FN har starta eit havforskingstiår for berekraftig utvikling som skal stimulera forsking som bidreg til å nå bærekraftmåla. Ein viktig del av dette er at marin biomasse kan målast nøyaktig og haustast berekraftig. Ph.d.-prosjektet ligg under eit nytt senter for forskingsdreven innovasjon i marin akustisk mengdeestimering og klassifisering (CRIMAC). Kandidaten skal vidareutvikle validering av akustiske data ved bruk av mellom anna stereokamera og videotråling. Det overordna målet med senteret er å forbetre og automatisere tolking av akustiske data fra moderne breibandsakustikk på forskingsfartøy og fiskefartøy.

I bestandsestimering er det vanleg å bruke prøvetakingstrål til å validere akustiske data målt med skrogmonterte ekkolodd, men det er enno ikkje sikkert kor godt trålprøven representerer den reelle artsblandinga i havet. Ph.d.-stipendiaten skal forske på arts- og storleiks-seleksjon i trål ved bruk av toppmoderne akustiske og optiske verktøy og metodar, og bruke den nye kunnskapen til utvikling av meir automatiserte, nøyaktige og berekraftige trålmetodar til forskingsformål. Det skal også gjerast tilpassingar til kommersielt fiske.

Ph.d.-prosjektet blir utført i tett samarbeid med forskarar ved Havforskingsinstituttet, andre CRIMAC Ph.d.-stipendiatar og industripartnarar Kongsberg Martime AS og Scantrol Deep Vision AS. Arbeidet vil krevje deltaking på vitskapelege tokt om bord på forskingsfartøy og innleigde fiskefartøy.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i biologisk oseanografi eller fiskeribiologi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Noko erfaring frå undervassakustikk eller optikk er eit krav.
  • Noko erfaring frå feltarbeid om bord i forskingsfartøy er eit krav.
  • Noko erfaring frå programmering i f.eks. Python, R eller Matlab er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Gode norskkunnskapar er ein føremon.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeld følgande:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4 år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanningaSom ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 482 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV (det vert oppfordra til å laste opp ei pdf-fil av CV)
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Anne Gro Vea Salvanes (BIO) tel. +47 55 58 44 87 eller
  • Forsker Maria Tenningen (IMR) tel. +47 936 53 972

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS