LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d. stipendiat i farmakognosi

Søknadsfrist: 29.11.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d. stipendiat i farmakognosi. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, kor 25 prosent av tida kvart år består av nødvendige oppgåver knyta til forsking, undervisning og formidling av resultat. Stillinga er knytt til Senter for farmasi og forskingsgruppa i farmakognosi som ein del av det tverrfakultære forskingsprosjektet «Unique natural products as potential drugs against COVID-19 viral infections».

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet er eit internasjonalt samarbeidsprosjekt som involverer forskingsgrupper på fleire kontinent. Hovudmål er å isolere, karakterisere og teste unike antivirale naturstoff som potensielle verkestoff i framtidige lækjemiddel for behandling av COVID-19 infeksjonar.

Personen som vert tilsett skal også delta i undervisning og andre arbeidsoppgåver ved Kjemisk institutt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i farmasi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.01.2021. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • erfaring frå isolering og karakterisering av naturstoffer er eit krav.
  • erfaring med cellekultur er ønskeleg.
  • søkjarar må ha erfaring med bruk av avanserte kromatografiske metodar og fleirdimensjonal NMR spektroskopi.
  • søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • søkjarar må ha gode norskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 482 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 01.01.2021).
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Torgils Fossen, Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen, Telefon: +47 55 58 34 63
  • Professor Svein Haavik, Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen, Telefon: +47 55 97 46 15

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS