LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i elektromagnetisk geofysikk - Senter for forskingsbasert innovasjon DigiWells

Søknadsfrist: 03.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Det er ei ledig stilling som stipendiat i elektromagnetisk geofysikk (borehullslogging) ved Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen.

Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning)og vil bli rettleia av professor Morten Jakobsen (hovudrettleiar) og forskarar ved NORCE (medrettleiarar).

Denne stillinga er knytt til og finansiert av senteret for forskingsbasert innovasjon DigiWells: Digital Well Center for Value Creation, Competitiveness and Minimum Environmental Footprint. Senteret etablerer eit samarbeidsmiljø som vil bestå av forskarar ved NORCE, ekspertar frå industrien, professorar frå UiS, NTNU og UiB og til saman 17 doktorgradsstudentar og postdoktorar. Dette er ein av fem innleiande Ph.d.-stillingar.

Vi håpar at kandidatane som vert tilsette vil passe inn og bidra til dette tverrfaglege miljøet. Avhengig av forskingsinteressane kan stipendiatane også samarbeide og besøke senteret sine internasjonale partnarar: Stanford University, TU Clausthal, University of the Basque Country og UT Austin. Vi har også et samarbeid med TU DELFT. Vidare vil dei tilsette stipendiatane ha høve til og ansvar for å vise fram forskinga si til senteret sine industrielle partnarar: Aker BP, ConocoPhillips, Equinor, Lundin, Total, Wintershall Dea. Senteret fremmer innovasjon, noko som betyr at stipendiatane sine forskingsresultat kan bli tatt i bruk i nær framtid, og bidra til digitaliseringa og det grøne skiftet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Det overordna målet med denne doktorgradsstillinga er å utvikle metodar for sanntids modellering og inversjon av borehull-elektromagnetiske data under boring. Fokus vil vere på utvikling av hurtige integrallikningsmetodar for å løyse ikkje-lineære vektorielle forover og inverse spreiingsproblem. Det blir også forventa at kandidaten skal bidra til utviklinga av nye arbeidsflytar for felles inversjon av forskjellige datatypar i samanheng med geostyring.

Ulike arbeidsoppgåver kan bli gitt, avhengig av kandidaten sin bakgrunn og utviklinga til senteret. Moglege arbeidsoppgåver kan omfatte bruk av bergfysikkmodellar, Bayesianske inversjonsmetodar og maskinlæringsalgoritmar i denne elektromagnetiske samanhengen. Analogiar mellom elektromagnetiske og seismiske geofysiske metodar vil også vere viktig i dette prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematisk orientert geofysikk eller ein relatert disiplin som teoretisk/berekningsorientert fysikk eller anvendt matematikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei sender inn masteroppgaven innen 01.12.2021. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Ein sterk bakgrunn i (geo)fysikk og matematikk er eit krav.
  • Gode programmeringsferdigheiter er eit krav og må kunne bli dokumentert/verifisert.
  • Erfaring fra modellering og inversjon av kontrollert-kilde eletromagnetiske data er eit krav. Kandidater uten slike erfaringer vil kun bli vurdert dersom dei har veldig sterke dokumenterte ferdigheiter innan matematisk modellering og/eller berekningsorientert avbildning og er høgt motivert for denne stillingen.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden.Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månader etter du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø inkludert et omfattande nettverk av internasjonale samarbeidspartnerar.
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 482 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på innsendt masteroppgave innan 01.12.2021.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak tilph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Morten Jakobsen, Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen, Epost: Morten.Jakobsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS