LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

PhD-stipendiat i borehullsgeofysikk - Senter for forskingsbasert innovasjon DigiWells

Søknadsfrist: 23.01.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Det er ei ledig stilling som PhD-stipendiat i borehullsgeofysikk ved Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). og vil bli rettleia av professor Morten Jakobsen (hovudrettleiar) og forskarar ved NORCE (samrettleiarar).

Denne stillinga er knytt til og finansiert av senteret for forskingsbasert innovasjon DigiWells: Digital Well Center for Value Creation, Competitiveness and Minimum Environmental Footprint (https://DigiWells.no).

Senteret etablerer eit samarbeidsmiljø som vil bestå av forskarar ved NORCE, ekspertar frå industrien, professorar frå UiS, NTNU og UiB og til saman 17 doktorgradsstudentar og postdoktorar. Vi håpar at kandidatane som vert tilsette vil passe inn og bidra til dette tverrfaglege miljøet. Avhengig av forskingsinteressane kan stipendiatane også samarbeide og besøke senteret sine internasjonale partnarar: Stanford University, TU Clausthal, University of the Basque Country og UT Austin. Vi har også eit samarbeid med TU DELFT. Vidare vil dei tilsette stipendiatane ha høve til og ansvar for å vise fram forskinga si til senteret sine industrielle partnarar: Aker BP, ConocoPhillips, Equinor, Lundin, Total, Wintershall Dea. Senteret fremjar innovasjon, noko som betyr at stipendiatane sine forskingsresultat kan bli tatt i bruk i nær framtid, og bidra til digitaliseringa og det grøne skiftet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Det overordna målet med denne doktorgradsstillinga er å utvikle metodar for sanntids modellering og inversjon av geofysiske brønnlogger med spesielt fokus på borehullelektromagnetiske data. Dette inkluderer utvikling av hurtige numeriske løyserar for Maxwell sine likningar i tillegg til ikkje-lineære inversjonsrutinar.

Det blir også forventa at kandidaten skal bidra til utviklinga av nye arbeidsflytar for felles inversjon av forskjellige datatypar i samanheng med geostyring.

Arbeidsoppgåvene vil bli tilpassa bakgrunn til kandidaten samt utviklinga til senteret. Moglege arbeidsoppgåver kan omfatte bruk av bergfysikkmodellar, Bayesianske inversjonsmetodar og maskinlæringsalgoritmar i denne elektromagnetiske samanhengen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geofysikk eller ein relatert disiplin som fysikk eller anvendt matematikk; helst oppnådd nyleg. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den endelege mastereksamen før 1. mars 2022. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå modellering og/eller inversjon av geofysiske data eit krav for denne stillinga. Kandidatar utan slike erfaringar vil kun bli vurdert dersom dei har sterke ferdigheiter innan matematisk modellering og ein sterk motivasjon for stillinga; tilstrekkeleg til å kunne starte å arbeida med geofysiske problemstillingar innan dei seks første månadene.
  • Gode programmeringsferdigheiter er eit krav og må kunne bli dokumentert/verifisert.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
  • Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø inkludert et omfattande nettverk av internasjonale samarbeidspartnerar.
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 01.03.2022).
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Morten Jakobsen, Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen. Epost: Morten.Jakobsen@uib.no

Ansettelse er underlagt godkjenning i henhold til loven om eksportkontroll.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS