LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d. - stipendiat i seismologi

Søknadsfrist: 03.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i seismologi med spesialisering i jordskjelvrisiko. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Universitetet i Bergen sitt strategiske satsingsområde Klima og energiomstilling.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

I Norge er seismisk risiko oftast knytt til naturlege jordskjelv, men induserte seismiske hendingar kan og vere ein trussel for samfunnet. Karbonfangst og lagring (CCS) har vorte lagt fram som ein strategi for å redusera CO2 i atmosfæren. Injeksjon av CO2 i undergrunnen vil lokalt endre spenningar i jordskorpa og kan slik påverke den seismiske aktiviteten gjennom reaktivering av forkastingar nære injeksjonsområdet. Samtidig vil område med lagra CO2 vera sårbare for rørsler som oppstår ved jordskjelv. Denne ph.d.-stillinga vil fokusere på å kvantifisere forholdet mellom CCS og jordskjelvrisiko.

Hovudmålet med ph.d.- prosjektet er å utvikle ein betre modell for korleis CO2 lagring kan påverke den seismiske risikoen i Noreg og også omvend, korleis seismisk risiko kan påverka CO2 lagring. Me vil vidare undersøkje dei økonomiske og miljømessige konsekvensane av slike endringar i seismisk risiko. Prosjektet er tverrfagleg og har veiledarar frå både seismologi og økonomi.

Hovudoppgåvene til prosjektet vil vere å:

  • Utvikle ein opent tilgjengeleg bakgrunnsmodell for jordskjelvsrisiko i Noreg basert på de beste tilgjengelege metodar.
  • Analysere den seismiske aktiviteten nære Hordaplattformen over lange tidsperiodar ved å bruke data frå det norske nasjonale seismiske nettverket (www.skjelv.no)
  • Berekne lokal seismisk risiko for eit område der ein planlegg CO2 lagring, t.d. Hordaplattformen, og også inkludere moglege endringar grunna CO2 lagringa.
  • Vurdere konsekvensane endringar i den seismiske risikoen vil ha på miljø, befolkning/busetjing og økonomi.

Dette vil resultere i ein opent tilgjengeleg og moderne seismisk risikomodell som er naudsynt for å vurdere risikoen ved injisering og lagring av CO2. Modellen vil i tillegg auka forståinga av korleis seismisk risiko endrast på grunn av CCS og vera naudsynt for ei grundig analyse av konsekvensane auka seismisk risiko på grunn av CCS vil ha for samfunnet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i seismologi, geofysikk, geologi eller ein relatert disiplin, som fysikk eller anvend matematikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.07.2021. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha god kunnskap innan geofysikk og matematikk.
  • Ytterlegare kunnskap om tektonikk eller strukturgeologi er ein føremon.
  • Søkjarar må ha kjennskap til programmering (t.d. Python, Matlab, Fortran, C).
  • Kjennskap til programvare som SEISAN, Opspy og/eller programvare for analyse av jordskjelvrisiko er ein føremon.
  • Søkjarar må vere villig til og interessert i å jobbe tverrfagleg.
  • Erfaring frå seismologisk databehandling og studiar av jordskjelvrisiko, eller frå risikoanalyse for andre naturfarar er ein føremon.
  • Det er ein føremon at søkarar har erfaring med å skrive og publisere vitskaplege artiklar.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Personen som vert tilsett i stillinga vil arbeide på et tverrfagleg prosjekt og forventast å også utvikle grunnleggande kjennskap til miljøøkonomi.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga : Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 482 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • ei kortfatta (1 side), foreløpig forskingsplan for prosjektet.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV.
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 01.07.2021.
  • relevante attestar.
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet).
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • eventuelle publikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Mathilde B. Sørensen, Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen. Epost: mathilde.sorensen@uib.no, telefon 55583426

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS