Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Overingeniør
Ved Geofysisk institutt er det ledig eit vikariat som overingeniør for dataforvaltning. Stillinga er for ein periode på 10 månadar. Stillinga inngår i Bjerknes Climate Data Centre og er bl.a. knytt RI ICOS, NFR Arven etter Nansen, samt finansiering frå Norges forskningsråd.
Instituttet har 140 tilsette frå 26 ulike nasjonar fordelt på om lag 130 årsverk.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga inneber arbeidsoppgåver som mellom anna følgande:
Hente fram, strukturere og handtere data, metadata og dokumentasjon
Konvertere filformat og skripting for dataoverføring mellom system
Assistere forskarar i arkivering av observasjonsdata for Bjerknes Climate Data Centre for forskjellige prosjekt
Kontrollere dataflyt, kommunikasjon med forskarar, samt kvalitetskontrollering av data innan fagfelta geologi og oseanografi
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar
Søkjaren må ha utdanning på mastergradnivå innan oseanografi, biologi, geovitskap, matematikk eller innan andre relevante fagfelt
God kunnskap om vitskaplege data og arkivering av slike er ein føresetnad
Erfaring med automatisert dataflyt, vitskaplege databasar og kvalitetskontroll av vitskaplege data er ynskjeleg
Kunnskap om internasjonale standardar for fagmiljøet er sterkt ynskjeleg
Evne til å programmere i et fleksibelt miljø er ynskjeleg
Detaljert kunnskap om det norske vitskaplege landskapet, og korleis vitskaplege data kan gjerast tilgjengeleg, vil være ynskjeleg
Den som vert tilsett kommer til å arbeide i eit pulserande og internasjonalt forskingsmiljø. Ettersom stillinga krev kontakt og samarbeid med eit internasjonalt forskingsmiljø er det naudsynt at kandidaten er villig til å reise, har diplomatiske evner, og har gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. At kandidaten beherskar norsk er også ynskjeleg.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagde.
Evne til å arbeide strukturert, ansvarsfullt og løysings- og resultatorientert
Evne til å arbeide sjølvstendig på eit avansert vitskapleg nivå og vilje til å løyse tekniske utfordringar
Evne til å samarbeide og presentere resultat
Evne til å arbeide effektivt, nøyaktig og målretta
Fleksibilitet og vilje til å tilpasse seg nye arbeidsoppgåver
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønnstrinn 55 - 62 (for tiden kr 488 000 - 552 800) i det statlige lønnsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.