Overingeniør (50%) - Fakultet for kunst, musikk og design (KMD)
Søknadsfrist: 03.06.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Overingeniør (50 %) for treverkstedet ved Fakultet for kunst, musikk og design
Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD), Universitetet i Bergen (UiB), er det ledig ei fast stilling (50 %) som overingeniør på treverkstedet. Det er ønskeleg med oppstart i løpa av haust 2020.
Stillinga vil inngå i eit kollegium på KMD i Seksjon for verkstader og tekniske tenester som i dag har verkstadar innan fagfelta grafikk, tre og metall, fotografi, keramikk, tekstil og digitale verkstadar. Primær arbeidsstad for stillinga er treverkstedet som ligger på fakultetets lokalar i Møllendalsveien. Stillinga rapporterer til verkstadleiar/seksjonsleiar under fakultetsdirektøren
Arbeidsoppgåver:
Den som blir tilsett må ha evne til å forstå tre og møbel som ein del av det utvida kunst- og designfeltet, og vere i stand til å sjå på verkstader som eit laboratorium for eksperimentering og utforsking.
I stillinga inngår drift og ansvar for utstyr og fasilitetar på fakultetets sin treverkstad, samt HMS, medrekna:
Drift, vedlikehald og organisering av verkstaden og utstyr
Akkrediteringskurs for studentar og tilsette
Leggje til rette for tekniske og tematiske kurs i verkstaden
Teknisk rettleiing og støtte til studentar og fagpersonale
Ansvar for innkjøp og sal av material samt utlån av utstyr
Bidra til utvikling og oppgradering av verkstaden i samarbeid med professorar, fagstab og verkstadleiar
Bidra til planlegging og gjennomføring av master- og bachelorutstillingar og andre formidlingstiltak ved fakultetet
Halda seg orientert om nye teknikkar og utstyr ved å delta på nødvendige kurs m.m.
Kunnskap om bruk av CNC
Arbeidsstad og arbeidsoppgåver vil kunne variere. Den som vert tilsett må og rekne med å gjere generelt arbeid innanfor verkstadens ansvarsområdet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha utdanning på minimum mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensera for manglande formell utdanning
Det er ein fordel med røynsle innan verkstadens fagfelt
Det er ein fordel med røynsle frå teknisk støttearbeid
God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
God administrativ IT-kompetanse og generell kompetanse i data
Det er ein fordel med røynsle frå opplæring/undervisning
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt, særleg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, initiativ, fleksibilitet og sjølvstende.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø på eit fakultet i utvikling
Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønnssteg 53 – 57 (for tida kr. 472 000 – 504 700 brutto i en 100 % stilling) etter Statens lønnsregulativ. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgre løn bli vurdert.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø i ei kreativ og utviklingsorientert verksemd.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.