Overingeniør 100% (mellombels) - Det medisinske fakultetet
Søknadsfrist: 08.04.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Overingeniør 100% (mellombels)
Ved Det medisinske fakultetet er det ledig ei mellombels stilling som overingeniør (100 %) i eit eksternt finansiert prosjekt i perioden 1. august 2021 – 31. juli 2022. Stillinga kan deles opp i 2x 50 %. Stillinga ligg under Institutt for global helse og samfunnsmedisin. Arbeidsstaden vil være ved Eining for læring (EFL), som er fakultetet sitt universitetspedagogiske senter. Stillinga gjeld eit internasjonalt utviklingsprosjekt for å betre praksislæring på medisinstudiet (PROFMED). Det kan bli aktuelt med forlenging som deltidsstilling 50 % til 31.12.2023, som er sluttdato for prosjektet.
EFL er ei fagleg eining med vitskapleg tilsette som har oppgåver knytt til forsking og kompetanseheving innan medisinsk- og helsefagleg pedagogikk.
Arbeidsoppgåver:
Hovudoppgåver for stillinga er prosjektarbeid, forskingsassistanse og koordinering knytt til eit internasjonalt prosjekt for å betre praksislæring på medisinstudiet (PROFMED)
utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysingsevne, knytt til forsking og prosjektarbeid i PROFMED
nært prosjektsamarbeid med undervisingsansvarlege, studentar og sjukehustilsette legar
bidra i planlegging og innsamling av forskingsdata
bidra i planlegging og utvikling av instruksjonsvideo for studentar og legar
bidra i koordinering av PROFMED med internasjonale deltakarar
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha mastergrad innanfor pedagogikk, medisin, eller tilsvarande. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
kjennskap til grunnleggjande prinsipp for vitskapleg forskingsarbeid er eit krav
det er ønskjeleg med erfaring frå prosjektarbeid
det er ønskjeleg med kjennskap til medisinsk utdanning
det er ei føremon å ha erfaring med videoproduksjon
den som vert tilsett bør ha god kjennskap til pedagogikk, kommunikasjon og bruk av audiovisuelle media i undervising
søkjar må meistra norsk
søkjar må meistra engelsk, munnleg og skriftleg
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, interesse for forsking og vere ansvarsmedviten
søkjar må dokumentere evne til å arbeide sjølvstendig og kreativt, men samstundes kunne arbeide i team
Vi søkjer ein person som:
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
kan arbeide sjølvstendig, ha leiande oppgåver i prosjektarbeid, og bygge nettverk for forsking og undervising
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
eit spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt arbeidsmiljø
stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 474 500 - 507 400). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.