Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør - Fakultet for kunst, musikk og design (KMD)

Søknadsfrist: 03.06.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør (100 %) for digitale og elektroniske medier ved Fakultet for kunst, musikk og design

Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD), Universitetet i Bergen (UiB), er det ledig ei fast stilling (100 %) som overingeniør i digitale og elektroniske medier. Det er ønskeleg med oppstart i haust 2020.

Stillinga vil inngå i eit kollegium på KMD i Seksjon for verkstader og tekniske tenester som i dag har verkstadar innan fagfelta grafikk, tre og metall, fotografi, keramikk, tekstil og digitale verkstadar. Primær arbeidsstad for stillinga er verkstad for digitale og elektroniske medier som ligger på fakultetets lokalar i Møllendalsveien. Stillinga rapporterer til verkstadleiar/seksjonsleiar under fakultetsdirektøren

Arbeidsoppgåver:

I stillinga inngår drift og ansvar for utstyr og fasilitetar på fakultetets verkstad for digitale og elektroniske medier, samt HMS, medrekna:

  • Drift, vedlikehald og organisering av verkstaden og utstyr
  • Akkreditering for studentar og tilsette
  • Leggje til rette for tekniske og tematiske kurs i verkstaden
  • Teknisk rettleiing og støtte til studentar og fagpersonale
  • Ansvar for innkjøp og sal av material samt utlån av utstyr
  • Bidra til utvikling og oppgradering av verkstaden i samarbeid med fagleg tilsette og seksjonsleiar
  • Halde seg oppdatert om nye teknikkar og utstyr ved å delta på nødvendige kurs innan bruk av digitale og elektroniske utstyr m.m.

Spesialoppgåver:

  • Ansvar for datalab (bilde-handsaming, video, animasjon, web, layout mm.)
  • Ansvar for lydstudio med digitallyd i fleire kanalar, opptak og redigering
  • Ansvar for video studio med digitale kamera og lysrigg
  • Bruk av elektroniske og digitale verktøy i undervisning, prosjektarbeid og formidling, førebuing av teknisk utstyr til førelesningar, seminar mm
  • Bidra til planlegging og gjennomføring av master- og bachelorutstillingar og andre formidlingstiltak ved fakultetet
  • Vedlikehald og vidareutvikling av datalaboratoriet og lydstudioet

Arbeidsstad og arbeidsoppgåver vil kunne variere. Den som vert tilsett må og rekne med ågjere generelt arbeid innanfor verkstedes ansvarsområdet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha utdanning på minimum mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensera for manglande formell utdanning
  • Søkjar må ha teknisk kompetanse innafor fagområdet digitale og elektroniske medier
  • Det er ein fordel med røynsle frå teknisk støttearbeid
  • Det er ein fordel med røynsle frå opplæring og/eller undervisning
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
  • God administrativ IT-kompetanse og generell kompetanse i data

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt, særleg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, initiativ, fleksibilitet og sjølvstende.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø på eit fakultet i utvikling
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønnssteg 53 – 57 (for tida kr. 472 000 – 504 700 brutto i en 100 % stilling) etter Statens lønnsregulativ. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgre løn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø i ei kreativ og utviklingsorientert verksemd.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Verkstadleiar/seksjonsleiar Stig Rostrup Christiansen (stig.christiansen@uib.no // tlf.: 930 82 355)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS