LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Overingeniør i maskinteknologi, marin- og offshoreteknologi

Søknadsfrist: 15.08.2022

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grøn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Fakultetet har eit nært samarbeid om forsking med NORCE og industrien i regionen. Ei rekkje master- og doktorgradsoppgåver blir laga i samarbeid med industrien. Fakultetet har etablert forskingssamarbeid med universitet i USA og Europa, og har utvikla fleire fagmiljø som er internasjonalt leiande. Fakultetet har om lag 2.900 studentar og 500 tilsette fordelte på Institutt for data- og elektroteknikk, Institutt for maskin, bygg og materialteknologi, Institutt for matematikk og fysikk, Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi, Institutt for energi- og petroleumsteknologi, Institutt for energiressursar og Institutt for sikkerheit, økonomi og planlegging.

Interesse for informasjonssikkerhet?

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som overingeniør i maskinteknologi, marin- og offshoreteknologi ved laboratoriet tilknytt Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, Institutt for maskin, bygg og materialteknologi.

Den som vert tilsett vil ha ansvar for planlegging og gjennomføring av laboratoriearbeid i maskinteknologi, marin- og offshoreteknologi. Overingeniør vil òg delta i arbeid ved verkstaden for fakultetet.

Hovudoppgåver

  • ivareta ansvar for teknisk gjennomføring av aktivitet knytt til testbasseng og ROV (Remotely Operated Vehicle), som inkluderer ein del programmering
  • bidra med teknisk kompetanse i prosjekter med roterande maskiner
  • rettleie bachelor- og masterstudentar med arbeid i laboratoriet
  • drift og vedlikehald av teknisk utstyr i laboratoria og på verkstad, bl.a. sveiseverkstad
  • utvikling, modifisering og oppbygging av utstyr til forsking og undervisning
  • ivareta HMS (helse, miljø og trygging) og kvalitet

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant utdanning på minimum bachelornivå. Særskild relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
  • relevant fagbrev eller praksis innan mekanisk arbeid, fortrinnsvis sveising
  • erfaring med bruk av relevante IT-verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk og norsk (minimum på B1 nivå)

Videre må du være serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande, og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • har relevant erfaring innan programmering/koding, fortrinnsvis Python
  • har truckførarbevis og traverskransertifikat
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • er pådrivar, løysningsorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.301, kode 1087, kr 540 000 - 640 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttera fleire kvinner til avdelinga og oppmodar derfor spesielt kvinner til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ei kvinne bli prioritert føre ein mann.

Her kan du lese meir om mangfaldsrekruttering og korleis vi behandlar søknader.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgivar Rosa Andrade, tlf: 51 83 11 91, e-post: [email protected].

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS