Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Stipendiat innanfor retorikk og språklig kommunikasjon

Søknadsfrist: 31.01.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) er eitt av sju institutt ved Det humanistiske fakultetet. Dei vitskapleg tilsette ved instituttet arbeider med forsking, undervisning og formidling innan fagområde som omfattar allmenn lingvistikk, fleirspråklegheit, mellomalderstudium (norrøn filologi og keltisk), nordisk litteratur (inkludert litteraturformidling og Ibsen-studium), nordisk språk (inkludert norsk som andrespråk) og retorikk og språkleg kommunikasjon.

Om stillinga

Ei stilling som stipendiat (SKO 1017) innanfor retorikk og språklig kommunikasjon er ledig ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo.

Stillinga er knytt til fagmiljøet Retorikk og språkleg kommunikasjon, og til fagområdet klart språk. Klart språk skal ein her forstå innanfor ramma av kommunikasjon mellom myndigheiter og publikum gjennom ulike medium, sjangrar og modalitetar, ikkje nødvendigvis knytt til skriftleg verbalspråk. Problemstillinga bør knytast til minst eitt av følgjande temaområde:

Klart språk i

  • skole og utdanning
  • offentleg forvaltning
  • politisk-administrative offentlege sjangrar (NOU-ar, stortingsmeldingar, langtidsplanar m.v.)

Meir om stillinga

Den som blir tilsett, vil bli knytt til fakultetets organiserte forskarutdanning. Det vitskapelege arbeidet skal munne ut i ein doktoravhandling som skal forsvarast ved fakultetet for å oppnå graden ph.d. Den som blir tilsett, vil gå inn i eit forskingsmiljø eller -nettverk og bidra til fagleg utvikling i miljøet. Sjå meir informasjon om doktorgrad og forskerkarriere.

Tilsettinga gjeld for ein periode på tre år. Doktorgradsstipendiatar som leverer doktoravhandlinga til vurdering med skriftleg tilråding frå rettleiar innan 3 år eller 3 ½ år etter starten på stipendperioden, vil få tilbod om gjennomføringsstipend på 12 eller 6 månader.

Kvalifikasjonskrav

  • mastergrad innan retorikk, språkvitskap, diskurs- og kommunikasjonsstudiar eller tilsvarande utdanning. Avsluttande grad skal vere oppnådd og sensur skal føreligge ved søknadsfrist. Mastergraden må inkludere ei oppgåve på minimum 30 studiepoeng.
  • særs god framstillingsevne skriftleg og munnleg på norsk eller eit anna skandinavisk språk, samt engelsk
  • motivasjon for stillinga

For opptak til doktorgradsprogramma ved Universitetet i Oslo, er minst femårig grunnutdanning (mastergrad eller tilsvarande) eit krav. I særskilte tilfelle kan fakultetet gi opptak på bakgrunn av eittårig master, etter ei vurdering av omfanget og kvaliteten på studia.

Ved vurdering av søknadene vil det bli lagt vekt på:

  • prosjektets vitskapelege kvalitet, aktualitet og nyskaping
  • faglege og personlege føresetnadar for å gjennomføre prosjektet innan tidsramma
  • føresetnader for å gjennomføre forskarutdanninga
  • gode samarbeidseigenskaper og evne til å inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar

Søkarar som nyleg har avlagt avsluttande eksamen med særs gode resultat, kan bli føretrekte.

Vi tilbyr

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev som beskriv søkjarens kvalifikasjonar og motivasjon for stillinga
  • Curriculum Vitae (med oversikt over utdanning, tilsettingar, undervisingserfaring, administrativ erfaring og andre kvalifiserande aktivitetar, samt publiserte og upubliserte verk)
  • karakterutskrifter for bachelor- og mastergrad. Søkjarar med utdanning frå eit utanlandsk universitet skal leggje ved en rettleiing til karaktersystemet ved deira universitet
  • prosjektskisse på 3–5 sider (sjå mal for prosjektbeskrivelse), inkludert framdriftsplan

Merk at alle dokumenter må være anten på engelsk eller eit skandinavisk språk.

Diplom, vitnemål, masteroppgåver og liknande skal ikkje leggjast ved søknaden, men kan bli etterspurt seinare.

Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem, klikk “Søk stillinga”.

Det vil bli brukt intervju i tilsettingsprosessen.

Andre opplysninger

Vi viser til forskrift om ansettelsesvilkår, samt retningslinjer for søknadsprosess og ansettelse i stipendiatstillingar.

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

UiO har ein overtakelsesavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillingen:

For spørsmål om rekrutteringsprosessen:

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS