Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Forskingskoordinator ved NORMENT

Søknadsfrist: 20.12.2022

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Det samfunnsvitskaplege fakultet

Psykologisk institutt

Om stillinga

Det er ledig stilling som forskningskoordinator (rådgjevar SKO1434/seniorrådgjevar SKO 1364) ved Psykologisk Institutt, Universitet i Oslo. Stillinga er fast, men grunnlaget og innhaldet i stillinga beror på ekstern finansiering frå Norges Forskningsråd (NFR) for ein periode på tre år. Den som tilsetjast vil være tilknytta forskningsgruppa for hjerneavbildning ved Norsk senter for forsking på mentale lidingar (NORMENT).

Forskingsgruppa er ei tverrfagleg og aktiv gruppe som brukar avansert hjerneavbilding i kombinasjon med anna type metodar og informasjon (til dømes klinisk kartlegging, kognitive testar, genetikk) for å få ny kunnskap om dei samansette årsakane til psykiske lidingar. Personen som tilsetjast vil ha ei nøkkelrolle i gruppa og bli involvert i koordineringa og gjennomføringa av ei rekkje spennande forskingsprosjekt om psykisk helse i ulike fasar av livet.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinering av forskningsprosjekt, herunder blant anna rekruttering og booking av deltakarar.
  • Sikre god kommunikasjon mellom forskningsgruppa og nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.
  • Kvalitetssikring av prosedyrar og data.
  • Kontakt med deltakarar i forskningsprosjekt (pasientar og friske kontroller) i ulike aldrar (barn og vaksne).
  • Bidra i datainnsamling, herunder prosedyrar knytta til MR-, EEG-undersøkingar og kognitiv testing.
  • Internt og eksternt informasjonsarbeid (til dømes oppdatering av nettsider, sosiale medier).
  • Generell teknisk/administrativ støtte til forskingsgruppas øvrige medlemmer, f.eks. i samband med søknader og utlysingar.

Kvalifikasjonskrav

  • Minimum utdanning på masternivå innan eit relevant fagfelt. Omfattande realkompetanse med relevans for dei konkrete oppgåvene tillagt stillinga kan erstatte utdanningskravet
  • Dokumentert erfaring og interesse i fagfeltet
  • Erfaring frå forskningsprosjekt innan klinisk nevrovitenskap er eit krav. Direkte erfaring med MR- og EEG-undersøkingar er ein føresetnad
  • Erfaring innan forsking og koordinering av populasjonsbaserte studier er ein fordel
  • Dokumentert evne til å bygge oversiktleg infrastruktur innan datainnsamling og rekruttering
  • Grunnleggande kjennskap til TSD er ein fordel. Erfaring med Linux er ein fordel
  • Mykje av kommunikasjonen i gruppa foregår på engelsk. Gode munnlege og skriftlege engelsk-kunnskapar er difor ein føresetnad. Kandidaten må og beherske norsk på høgt nivå
  • Evne og motivasjon til å sette seg inn i nye programmeringsverktøy

For å tilsetjast som seniorrådgjevar krevs det i tillegg:

  • Minimum 5 års relevant erfaring
  • Det er ein føresetnad med spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa stillinga sine funksjonar
  • Det vil bli lagt vekt på dokumentert evne til å jobbe sjølvstendig og strategisk

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt, systematisk, effektiv, omgjengeleg, og samvitsfull
  • Dokumentert høg arbeidskapasitet og evne til å jobbe sjølvstendig
  • Sterke munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
  • God til å inngå i ulike relasjonar og samarbeider godt med andre
  • Må trivast med å jobbe i ein fleksibel arbeidssituasjon

Vi tilbyr

  • Lønn som rådgjevar (SKO 1434) med brutto årslønn på kr 573 900 - 648 700, eller som seniorrådgjevar (SKO 1364) med brutto årslønn på kr 636 700- 746 900 fastsetjast etter individuell vurdering basert på kompetanse og erfaring
  • Nøkkelrolle i ei aktiv og tverrfagleg forskingsgruppe, med stor fleksibilitet og moglegheit til å påvirke eigen arbeidskvardag. Noko kvelds- og helgearbeid må påregknast
  • Gode moglegheiter til å opparbeide relevant erfaring, ekspertise og nettverk for ein seinare forskingskarriere innan klinisk nevrovitenskap.
  • Attraktive velferdsgoder for tilsette ved UiO, for eksempel trening i arbeidstida og moglegheit for å søkje barnehageplass
  • Oppstartdato: Fleksibelt, men så tidlig som mogleg

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev med informasjon om motivasjon for å søkje stilinga, beskriving av bakgrunn og interesser, samt kort beskriving av karriereplan.
  • CV med informasjon om utdanning og arbeidserfaring, med vekt på relevant erfaring knytta til stillinga, samt liste med 2-3 referansar med kontaktinformasjon.
  • Kopiar av vitnemål og karakterutskrifter.
  • Vi vil legge særleg vekt på personlige eigenskapar og relevant erfaring.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

  • Professor og gruppeleder Lars T. Westlye, tlf: +47 971 63 221, e-post: [email protected]
  • Forskningsadministrativ leder Elisabeth Gråbøl-Undersrud, tlf +47 22845138, e-post: [email protected]
  • Administrativ leder Gunnar Andre Malmin, tlf: +47 22845117, e-post: [email protected]

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS