Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Administrativ koordinator UiO:Norden (rådgivar / seniorrådgivar)
Søknadsfrist: 08.02.2022
Publisert
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør. Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er Norges største humanioramiljø og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden. HF er vertsfakultet for den tverrfakultære satsinga UiO:Norden.
UiO:Norden er eit av tre prioriterte tverrfaglege satsingsområde ved UiO. Den viktigaste kapitalen i satsinga er engasjement frå etablerte og aktive forskarar. Satsinga er forankra i brei ekspertise og sterke forskingsinteresser på UiO, og ved ei rekke andre institusjonar, nasjonalt og internasjonalt. UiO:Norden deltar i det NORDFORSK-finansierte konsortiet ReNEW.
Om stillinga
Vi søker ein ny administrativ koordinator for UiO si tverrfaglege satsing UiO:Norden. Tilsettinga er som rådgivar/seniorrådgivar, SKO 1434/1364, knytt til Det humanistiske fakultet (HF), som er vertsfakultet for satsinga.
UiO:Norden er ei tverrfagleg satsing med mål om å fremme ny og relevant kunnskap om Norden og det nordiske i ein internasjonal kontekst. Satsinga skal bringe fram ny kunnskap om nordiske modellar si berekraft, dilemma og utfordringar. UiO:Norden famnar forsking, undervising, formidling og samarbeid ved UiO og med eksterne institusjonar og samfunnsaktørar, og er ei av universitetet sine store tverrfaglege satsingar, saman med UiO:Energi og UiO:Livsvitskap. UiO:Norden er òg partner i «ReNEW - Reimagining Norden in an evolving world» - ein nordisk excellence hub. Per januar 2022 er 9 tverrfaglege forskargrupper tilknytt UiO:Norden, i tillegg til at satsinga støtter ei rekke mindre initiativ.
Meir om stillinga
Administrativ koordinator er ansvarleg for å følgje opp den daglege drifta i satsinga. Dette inneber mellom anna saksbehandling i forbindelse med tildelingar, forarbeid til møter, samt oppfølging av avgjersler, oppfølging av budsjett, kommunikasjon med forskargrupper og rapportering. UiO:Norden har eit mål om å drive aktiv formidling av kunnskap og har ei rekke arrangement i løpet av eit år. Nokre av desse vil finne stad utanfor normal arbeidstid.
Koordinatoren samarbeider tett med direktør for satsinga og rapporterer til denne. I staben inngår òg ein kommunikasjonsrådgivar.
I 2023 vil satsinga UiO:Norden avsluttes, men arbeidet vil halde fram i den nye satsinga UiO:Demokrati. Den som vert tilsett vil få ei viktig rolle i arbeidet med både avslutting av UiO:Norden, og den spanande oppstarten og oppbygginga av UiO:Demokrati.
Arbeidsoppgåver
Administrativ koordinator har ansvar for å følgje opp all administrasjon i satsinga, herunder:
ansvar for den daglege drifta av UiO:Norden, inkludert budsjett og økonomistyring
ansvar for samarbeidsavtaler mellom aktørar i satsinga og koordineringsarbeid
sekretær for styringsorgan, og gjer utgreiingsarbeid for direktør i satsinga og for styringsorganet
ansvar for administrativ handtering ved utlysing og søknadsbehandling om prosjektmidlar
ansvarleg for arkivering og oppfølging i saks- og arkivsystem
ansvar for å halde oversikt og koordinere rapportering internt og eksternt
bistand i arrangering av seminar, workshops og konferansar i samarbeid med direktør for UiO:Norden
bistand til direktør med strategisk arbeid
Det kan òg bli lagt andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonskrav
relevant utdanning frå universitet eller høgskole, minst tilsvarande bachelornivå, men ein fordel med master. Anna dokumentert realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
erfaring med koordinerande arbeid/prosjektleiing, samt økonomistyring og budsjettarbeid
gode kommunikasjonsevner – skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
gode IT-kunnskapar og erfaring med digitale verktøy
personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga
Det vil være ein fordel om søkaren har:
erfaring med web-redigeringsverktøy og avansert bruk av Excel
utgreiingserfaring frå privat eller offentleg sektor
erfaring frå forskingsadministrativt arbeid og avtaleinngåing
Særskilt kompetent søkar vil bli tilsett som seniorrådgivar med ei meir sjølvstendig utføring av oppgåver knytt til vurderingar, analysar, konklusjonar og ha ansvaret for meir komplekse oppgåver og utgreiingar.
Personlege eigenskapar
gode evner til samarbeid
evne til å prioritere og arbeide målretta og strukturert
evner å handtere mange oppgåver samtidig
god stressmestring
Vi tilbyr
løn frå 524 900 til 637 900 per år, avhengig av kompetanse i stilling som rådgivar (SKO 1434)
løn frå 543 500 til 689 600 per år, avhengig av kompetanse i stilling som seniorrådgivar (SKO 1364)
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting. Vidare ønsker vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.