Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Doktorgradsstipendiat i tidleg språkutvikling

Søknadsfrist: 01.11.2020

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) er eit senter for framifrå forsking (SFF) under Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Det humanistiske fakultet. Senteret har også status som eitt av fem verdsleiande miljø ved Universitetet i Oslo, og er i ferd med å bygge opp eit sosiokognitivt laboratorium. MultiLing sitt mål er å bidra med kunnskap om fleirspråklegheit hjå individet og i samfunnet i eit livsløpsperspektiv, og gjennom det belyse dei moglegheitene og utfordringane fleirspråklegheit representerer for individet i familien, skulen, andre institusjonar, og i samfunnet som heilskap. Staben består av 40 tilsette frå 15 forskjellige land. MultiLing har i tillegg eit stort nettverk av nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar som arbeider med fleirspråklegheit ved ei rekke forskingsinstitusjonar.

Senter for fleirspråklegheit (MultiLing)

Om stillinga

Ei treårig doktorgradsstipendiatstilling (SKO 1017) – finansiert av FRIPRO – er ledig ved Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium (Universitetet i Oslo). Stillinga er ein del av MultiLings forskarprosjekt: "The role of parental speech on infant language development: Insights from Norwegian language."

MultiLing er eit Senter for framifrå forsking (SFF) finansiert av Noregs forskingsråd (2013–2023). MultiLing har som mål å auke kunnskapen om fleirspråklegheit i eit livslaupsperspektiv. Forskinga er knytt til tre overordna tema, tema 1: fleirspråkleg kompetanse, tema 2: fleirspråkleg praksis, og tema 3: fleirspråklegheit, ideologiar og språkpolitikk (for meir informasjon, sjå http://www.hf.uio.no/multiling/).

Målet for prosjektet er å granske rolla til spedbarnsretta tale (SRT) i språkutviklinga til 6-18 månader gamle spedbarn gjennom eit longitudinelt design. Den utvalde kandidaten vil bidra med rekruttering av deltakarar og datainnsamling. I tillegg vil kandidaten utføre akustiske analysar av foreldretale til spedbarn på 6, 9, 12 og 15 månader, og undersøkje korleis dei akustiske trekka ved spebarnsretta tale (SRT) føreseier åtferda til spedbarn i blikksporingsoppgåver (eye-tracking) på aldersnivåa 6, 9, 12, 15 og 18 månader.

Prosjektet er leia av Dr. Natalia Kartushina, i samarbeid med professor Julien Mayor (Fagavdelinga for helse-, utviklings- og personlegheitspsykologi, Psykologisk institutt, UiO) og Dr. Alejandrina Cristia (CNRS, Laboratoire de Sciences Cognitives et Psycholinguistique, Ecole Normale Supérieure, Paris). Doktorgradsstipendiaten vil arbeide ved MultiLing (Institutt for lingvistiske og nordiske studium, UiO) i samarbeid med BabyLing-laben som er tilknytt Fagavdelinga for helse-, utviklings- og personlegheitspsykologi ved UiO).

Mer om stillingen

Tilsettinga gjeld for ein periode på tre år i fulltid, med forventa oppstart i byrjinga av 2021. Innan to månader etter startdato bør kandidaten – i samarbeid med prosjektleiaren – utvikle ei fullstendig skildring av doktorgradsprosjektet som inkluderer ein detaljert progresjonsplan for prosjektet (sjå mal for prosjektbeskriving).

Doktorgradsstipendiaten vil ta del i fakultetets doktorgradsprogram og er forventa å fullføre prosjektet innan stipendiatperioden. Alle doktorgradsstipendiatar som leverer doktoravhandlinga si til vurdering med ei skriftleg tilråding frå rettleiaren sin innan 3 eller 3 ½ år etter tilsetting, vil få tilbod om eit gjennomføringsstipend på høvesvis 12 eller 6 månader.

Den som blir tilsett, vil automatisk bli knytt til og må delta i den organiserte forskarutdanninga ved Det humanistiske fakultetet (jf. Reglement og utfyllande vedtak for forskarutdanninga på fakultetet), og det er forventa at stipendiaten arbeider med dei gitte forskingsoppgåvene på fulltid. Det vitskaplege arbeidet skal munne ut i ei doktoravhandling (monografi eller artikkelbasert), som skal forsvarast ved fakultetet for å oppnå doktorgraden. Les meir om doktorgraden her.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Fullført og bestått mastergrad (120 ECTS) eller tilsvarande utdanning innanfor psykologi, lingvistikk eller ein annan disiplin som er relevant for dette prosjektet. Avsluttende grad skal være oppnådd og sensur skal foreligge ved søknadsfrist. Mastergraden må inkludere en oppgave minimum 30 studiepoeng.
  • Kjennskap til kvantitative statistiske metodar
  • Solid teoretisk og metodologisk bakgrunn i eksperimentell psykologi, psykolingvistikk, kognitiv psykologi eller relaterte disiplinar
  • Ambisjonar om å drive forsking av høg kvalitet. Søknaden skal framheve motivasjonen for å søkje og korleis kvalifikasjonane til kandidaten passar den utlyste stillinga
  • Entusiasme for emnet
  • Erfaring med programvare som R, SPSS, Python eller Matlab
  • Framifrå skriftleg og munnleg kompetanse i engelsk

For opptak til doktorgradsprogrammene ved Universitetet i Oslo, kreves det at du har minst femårig grunnutdanning (mastergrad eller tilsvarende). I særskilte tilfeller kan fakultetet gi opptak på bakgrunn av ettårig master, etter en vurdering av studiets omfang og kvalitet.

Følgjande kvalifikasjonar vil være ein fordel:

  • Erfaring med forsking på språkutvikling
  • Evne til å samarbeide i grupper og sjølvstendig
  • Erfaring med blikksporar (eye-tracking)
  • Publikasjonar, konferansedeltaking og erfaring som forskingsassistent, særleg innanfor språkutvikling
  • Erfaring med Open Science
  • Gode kunnskapar i norsk (eller eit anna skandinavisk språk) er ein stor fordel
  • Erfaring med akustiske analysar av samtaler (f.eks. med Praat)
  • Berekningsferdigheiter («computational skills»)

I evalueringa av søknadene vil følgjande bli vektlagt:

  • Den vitskaplege verdien og relevansen til forskingsplanen til kandidaten
  • Søkjaren sin internasjonale erfaring og nettverk
  • Dei akademiske og personlige kvalifikasjonane til søkjaren for å fullføre prosjektet på normert tid
  • Gode evner til samarbeid og til å gå inn i faglege fellesskap på tvers av disiplinar
  • Personlege føresetnader og motivasjon for stillinga

Vi tilbyr

  • Lønn mellom kr 479 600 - 523 200 per år avhengig av kompetanse (SKO 1017)
  • Moglegheit til å delta på konferansar, kurs og arbeidsmøte
  • Eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • Gode pensjonsordninger i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordninger

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev som skildrar motivasjon for stillinga, samandrag av vitskapeleg arbeid og forskingsinteresser
  • Curriculum Vitae (som oppsummerer utdanning, tilsettingar, undervisningserfaring, administrativ erfaring og andre kvalifiserande aktivitetar, i tillegg til ei fullstendig liste over publikasjonar)
  • Karakterutskrift for mastergrad. Søkjarar med utdanning frå eit utanlandsk universitet må leggje ved ei rettleiing til karaktersystemet ved deira universitet
  • Forskingsplan som framhevar kandidatens tidlegare prestasjonar og framtidige mål med forskinga og korleis dei samsvarar med prosjektet
  • Liste med 2-3 referansepersonar (namn, relasjon til kandidaten, e-post og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem, klikk “Søk stillinga”.

Ver venleg å merke at alle dokument må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju på Universitetet i Oslo, eller digitalt. Det er forventa at kandidaten som blir valt vil klare å fullføre prosjektet innan tilsettingsperioden på tre år.

Andre opplysninger

Vi viser til forskrift om tilsettingsvilkår og retningslinjer for søknadsprosess og tilsetting i stipendiatstillingar.

Ut frå Offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjorde sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå på søkjarlista.

Tilsettingsperioden kan bli forkorta om stipendiaten tidlegare har vore tilsett som doktorgradsstipendiat eller i ei anna akademisk stilling.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med det føremålet å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga: Prosjektleiar Natalia Kartushina

For spørsmål om MultiLing: Professor og senterleiar Elizabeth Lanza

For spørsmål om rekrutteringsprosessen: Personalrådgjevar Tonje Nathalie Olsen

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS