Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Vitskapleg assistent (ARENA Senter for europaforsking)

Søknadsfrist 10.12.2018

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


ARENA Senter for europaforsking er eit forskingssenter ved Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo. Senteret har som hovudmål å vidareutvikla miljøet som eit nasjonalt tyngdepunkt for forsking på politisk integrasjon i Europa og som eit av dei leiande sentra på dette området internasjonalt. ARENA koordinerer og deltek i fleire internasjonale forskarnettverk og prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd og EU sitt Horisont 2020-program. Sjå våre nettsider for meir informasjon om dei ulike fagfelta ARENA forskar på.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

ARENA Senter for europaforsking har ledig ei til to stillingar (100%) som forskingsassistent (SKO 1019/1020). Stillinga(ne) er ledig(e) omgåande. Tilsettinga er mellombels for eitt år, men kan bli forlenga.

Meir om stillinga

Arbeidsoppgåvene til forskingsassistenten/ane vil vera varierte og innebere vitskapleg assistanse til enkeltforskarar og forskingsprosjekt. Dei mest sentrale oppgåvene vil vera klargjering av vitskaplege manuskript til fagfellevurderte tidsskrift, bøker og senteret sine working paper- og rapportseriar (ARENA samt prosjekta GLOBUS, TARN, EU3D) i form av språkredigering, litteratursjekk, formatering og publisering.

Andre sentrale oppgåver vil vera støtte til senteret sine forskarar med mellom anna datainnsamling, koding, analyse og litteratursøk. I tillegg til oppgåver av vitskapleg karakter vil du også få nokre administrative oppgåver, slik som organisering av arrangement, støtte knytt til søknader og rapportering på forskingsprosjekt, formidling og nettpublisering og andre praktiske oppgåver. Arbeidsspråk er engelsk og norsk. Opplæring vert gitt.

Kvalifikasjonskrav

  • Du har fullført ein bachelorgrad eller mastergrad fortrinnsvis innanfor samfunnsfag. Merk at for tilsetjing i stillingskode 1020 er det krav om mastergrad.
  • Vi føreset at du har kunnskap om eller utdanning innan dei faglege tema det vert forska på ved ARENA. Du bør ha grunnleggande kunnskap om EU og gjerne ei særskild interesse for forsking på europeisk integrasjon og Den europeiske union,
  • Særs god kjennskap til tekstredigering og Word på avansert nivå,
  • Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne både på norsk og engelsk,
  • God oversikt over rettskriving og grammatikk,
  • God kjennskap til og erfaring med Excel, statistikkprogram, Adobe Pro, Adobe InDesign og andre relevante program er ein føremon,
  • Erfaring frå ei eller fleire av arbeidsoppgåvene er ein føremon.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer personar som er analytiske og grundige og som arbeider sjølvstendig,
  • Du må være påliteleg og ha eit auge for detaljar,
  • Du må ha evne til å ta ansvar og initiativ,
  • Du må kunne arbeide under tidspress og handtere å arbeide med fleire oppgåver parallelt.

Vi tilbyr

  • Løn kr. 371 500 – 403 200 (SKO 1019) / kr. 449 400 (SKO 1020), avhengig av kompetanse,
  • Ei variert stilling i eit aktivt internasjonalt forskingsmiljø,
  • Eit hyggeleg og fagleg stimulerande arbeidsmiljø,
  • Fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida og gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev (motivasjon for stillinga),
  • CV,
  • Relevante vitnemål med karakterutskrifter,
  • Referansar (2-3 referansar; namn, tittel, e-post og telefon, samt skildring av relasjon til søkar).

Søknad med vedlegg må sendast inn via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju.

Andre opplysningar

Sjå Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat

I høve til Offentleglovas § 25 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med føremål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad gjenspeglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje tilhøva til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS