Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Personalkonsulent / -rådgjevar (Det samfunnsvitenskapelige fakultet)

Søknadsfrist 01.01.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen er delt i fem avdelingar; studie, personal, økonomi, IT/AV-tenester og forsking, og vert leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har tilsaman rundt 70 tilsette.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Det samfunnsvitskaplege fakultet er noregs største samfunnvitskaplege miljø og nummer to i Norden. Fakultetet har i underkant av 600 årsverk, der omlag 75 % sit i vitskaplege stillingar. Aktiviteten er i aukande grad knytt til eksternt finansierte prosjekt med mange mellombels tilsette og ein stadig aukande andel utanlandske tilsette som skal følgjast opp mellom anna i høve til eit omfattande internt og eksternt regelverk som stadig er i endring.

Vi har ledig ei fast stilling som personalkonsulent/-rådgjevar (seniorkonsulent SKO 1363/rådgjevar SKO 1434). Fakultetet har tilsaman 7 personalmedarbeidarar, der 3 av disse er plassert ved Psykologisk insittutt. Denne stillinga vil inngå i eit team på 4 personalmedarbeidarar, plassert i fakultetsadministrasjonen, med seksjonssjef for personal, økonomi og arkiv som næraste overordna. Seksjonen forvaltar den personalfaglege administrasjonen ved størstedelen av fakultetet, bidreg i rekrutteringsprosessar og gir leiarstøtte på personalområdet.

Arbeidsoppgåver

Personalkonsulenten skal arbeide med eit breidt spekter av administrative oppgåver, mellom anna sakshandsaming innan personalområdet, HR-fagleg oppfølgjing av tilsette og leiarar, og i tillegg utviklingsoppgåver innan personalfeltet. Arbeidsoppgåvene stiller høge krav til nøyaktigheit og evne til å jobbe raskt og systematisk. Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er:

  • sakshandsaming innan personal/HR etter statleg lov- og avtaleverk, til dømes tilsettingsprosessar (primært vitskaplege stillingar), permisjonar, opprykkssaker og fråtredingar
  • rettleiing og juridisk rådgjeving innan personalområdet overfor institutt og sentre ved fakultetet
  • rutineoppgåver må påreknast

Universitetet i Oslo nyttar for tida ePhorte som sakshandsamingsvektøy, SAP som løn- og personalsystem og Jobbnorge som rekrutteringssystem.

Kvalifikasjonskrav

  • erfaring som sakshandsamar innan personalforvaltning, fortrinnsvis frå Universitets- og høgskulesektoren
  • solid erfaring frå rekrutterinsprosessar til vitskaplege stillingar er eit krav for tilsetting som rådgjevar
  • utdanning minimum tilsvarande bachelor, relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
  • erfaring med bruk av relevante system innan sakshandsaming, personal og rekruttering er ei føremon
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk krevst

Personlege eigenskapar

  • evne til å handtera fleire krevjande parallelle arbeidsoppgåver, samstundes som du er nøyaktig og systematisk
  • ansvarsbevisst, sjølvstendig og initiativrik
  • god til å planleggje, følgje opp saker og gjennomføre tiltak
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima ved fakultetet

Vi tilbyr

  • løn som seniorkonsulent (SKO 1363) kr 472 300 - kr 544 400 og som rådgjevar (SKO 1434) kr 524 200 - 607 700 pr. år avhengig av erfaring og kompetanse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • kopi av relevante attestar og vitnemål (kun høgare utdanning)
  • liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystemet Jobbnorge. Klikk på "Send søknad".

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

  • Seksjonssjef Terje Hegge, tlf: 22 85 76 95
  • Seniorrådgjevar Aud-Jorunn Sandal, tlf: 22858224

Send søknad

Powered by Labrador CMS