Ledig stilling ved Nord universitet

Rådgivar økonomi / rekneskap - Handelshøgskolen

Søknadsfrist: 12.07.2020

Nord universitet

Utfordringane verda står framføre krev ny innsikt, innovative løysingar og lokal forankring. Nord universitet er eit ungt universitet med sterk regional tilknyting og eit globalt perspektiv. Vi leverer framtidsretta studietilbod og relevant forsking med fokus på blå og grøn vekst, innovasjon og entreprenørskap, og velferd, helse og oppvekst. Nord universitet har 11.000 studentar og 1.400 tilsette fordelte på ni studiestadar.


Handelshøgskolen (HHN) utdannar morgondagens økonomar, leiarar og innovatørar.


Gjennom tett samarbeid med næringslivet, offentleg forvaltning og samfunnet gjev Handelshøgskolen relevant utdanning og forsking på internasjonalt nivå. Fakultetet tilbyd doktorgrad (ph.d.) i bedriftsøkonomi.


Handelshøgskolen har 2800 studentar og 230 tilsette. Det faglege miljøet er organisert i faggruppene Innovasjon og entreprenørskap, Marknad, organisasjon og leiing, Økonomisk analyse og rekneskap og Trafikk.

Les meir: www.nord.no/hhn.

Om stillinga

Ved Nord universitet, Handelshøgskolen, studiestad Bodø er det ledig ei fast stilling som rådgivar innen økonomi og rekneskap.

Arbeidsoppgåver

  • Identifisere forbedringsmuligheter innenfor fakultetets økonomiforvaltning
  • Gi selvstendige bidrag til utvikling og implementering av nye rutiner og arbeidsprosesser
  • Bidra i arbeid med å utarbeide budsjett og rapportering
  • Saksbehandling og utredningsarbeid innenfor økonomiområdet
  • Handsame lønn til sensorar, sakkunnige og innleigde timelærarar
  • Handsame reiserekningar
  • Gi opplæring og bistand til ansatte om reglar og system innafor arbeidsfeltet
  • Andre administrative oppgåver

Kvalifikasjonskrav

  • For tilsetjing i stilling som rådgivar krev vi økonomifaglig mastergrad eller tilsvarande.
  • Det er vidare ønskeleg med relevant erfaring tilpassa funksjonane i stillinga.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Erfaring frå offentleg forvaltning, samt kjennskap til universitets- og høgskolesektoren og fakultetet sine utdanningar vil bli vektlagd
  • Erfaring med bruk av relevante IKT-verktøy, som blant annet agresso, UBW-web, arkivsystemet P360 m.v.

Andre kvalifikasjonar og personleg eigna til jobben

  • Evne til å arbeide systematisk, strukturert og sjølvstendig med fleire parallelle prosessar
  • Serviceinnstilling, initiativrik og med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Ha kunnskap og erfaring frå store organisasjonar med stor administrativ og fagleg kompleksitet
  • Kunnskap om Handelshøgskolens fagfelt vil være ein fordel
  • Om ein er personleg eigna vil bli vekta i stor grad.

Vi tilbyd

Stillinga blir løna etter Statens regulativ, kode 1434 rådgiver - NOK 472.000 - 552.800. Løn etter avtale. For særskild kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

  • God låne-, forsikrings- og pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Kreativt og kollegialt arbeidsmiljø
  • En arbeidsplass i stadig utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Aktivt bedriftsidrettslag

Generell informasjon

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei lover, avtalar og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det blir teke atterhald om endring i ansvars- og arbeidsområde som følgje av framtidig organisasjonsutvikling og omorganisering ved Nord universitet.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Nord universitet oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en, innvandrarbakgrunn og elles ulik livserfaring til å søke. Universitetet praktiserer moderat kjønnskvotering i samsvar med lokal tilpassingsavtale for hovudavtalen i Staten.

Opplysingar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV kan bli brukte til anonymiserte registreringsføremå.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalt til intervju.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å ta kontakt med:

Søknad

Søknad m/cv kopi av vitnemål og attestar sendast elektronisk innan 12.07.2020

All dokumentasjon som det skal takast omsyn til, skal lastast opp som vedlegg til søknaden.

Fullstendig elektronisk dokumentasjon skal sendast inn innan søknadsfristen.

Etter at søknadsfristen er gått ut blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv etter ønskje om å bli utelaten frå søkjarlista. Søkjarar som likevel bed om konfidensialitet, skal grunngje dette særskilt i søknaden. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand om offentleggjering.

Referanse: 30090629

Søk på stillingen

fnokode:1234