LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Psykolog til rettleiingsteneste

Søknadsfrist: 12.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Psykolog til rettleiingsteneste

Bedriftshelsetjenesten (BHT) ved UiB har ledig 50 % midlertidig stilling i 1 år som psykolog til ny rettleiingsteneste. BHT er organisert som ein eigen fageining under HR-avdelinga, og består i dag av lege, 2 sjukepleiarar, yrkeshygienikar, bedriftsfysioterapeut og leder som bistår universitetet i det systematiske HMS-arbeidet retta mot arbeidsmiljø, organisasjon og enkeltindivid. Det er lagt til rette for eit godt tverrfagleg samarbeid med fagleg med relevant helsefagleg, teknisk og organisatorisk kompetanse i eit internasjonalt arbeidsmiljø.

Stillingen vil i hovudsak være retta mot phd-kandidater, der høge prestasjonskrav og konkurranse er ein del av arbeidskvardagen. I tillegg vil ein delta i det organisatoriske, helsefremjande og førebyggande arbeidsmiljøarbeidet ved UiB.

Arbeidsoppgåver:

  • Rettleiingsteneste for phd-kandidater og andre tilsvarende ansattgrupper
  • Førebyggande HMS-arbeid med eit helsefremmande perspektiv
  • Bistå i saker som omhandler psykososialt arbeidsmiljø, sykefraværsoppfølging og IA-arbeid
  • Kurs og opplæringsverksemd
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli aktuelt

Det er ei føresetnad at søkjaren, med utgangspunkt i eigne fagfelt, kan bidra til felles oppgåver i HR-avdelinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Profesjonsutdannelse i psykologi og godkjenning som psykolog
  • Erfaring frå rettleiing innan prestasjonsyrker
  • Kjennskap til UH-sektoren vil vere en fordel
  • Kunnskap og erfaring innan psykososialt arbeidsmiljøarbeid
  • Erfaring med kursverksemd er ynskjeleg
  • Erfaring frå sakshandsaming
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk er en forutsetning.
  • Arbeidsoppgåvene set store krav til sjølvstende, initiativ og samarbeids- og kommunikasjonsevner. Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt.

Vi kan tilby:

  • Eit spanande fagmiljø med stor fagleg bredde
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Stilling som psykolog (stillingskode 0794) lønnstrinn 60-68, som p.t. utgjør kr. 535 200 - 618 600 pr. år. eller i stillingskode 1304 som psykolog med godkjent spesialitet, lønnstrinn 67-76, som p.t. utgjør kr. 608 200 - 726 400 pr. år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Gode velferdsordningar

For nærare informasjon om HMS-arbeidet ved Universitetet i Bergen, sjå her.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Kontorsjef Bente Nilsen Hordvik tlf 952 20 904 e-post: bente.hordvik@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida dokumentinnsyn ved tilsettingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal leggast ved.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS