Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vitskapleg assistent
Ved Institutt for politikk og forvaltning, Universitetet i Bergen, er det ledig ei 100% stilling som vitskapleg assistent for ein periode på 1 år med oppstart snarast.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.
Instituttet har ein statsvitskapleg profil og legg vekt på studiar av offentleg politikk, organisering og administrasjon, demokrati og deltaking, politikkutforming og politiske institusjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet vil vere variert, og vil innebere forskingsassistanse, undervisningsstøtte og relaterte oppgåver, bl.a.
Bistand ved faglege arrangement og internseminar
Web (oppdatering av nettsider)
Kommunikasjon og informasjonsarbeid, inkl. sosiale media
Innhenting av informasjon og analysearbeid (forsking og utdanning)
Oversetningsarbeid til engelsk (forsking, informasjon og sakspapir)
Enkelte andre oppgåver knytt til undervisningsverksemda ved instituttet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Bachelorgrad eller mastergrad innan samfunnsvitskap eller humaniora
Erfaring med undervisning, forskingsstøtte, rettleiing, seminarundervisning o.l.
Erfaring med kommunikasjon, webredigering og sosiale media
Framifrå språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
God administrativ IT-kompetanse, inklusiv bruk av statistikkprogram
Evne til å arbeide systematisk, sjølvstendig og resultatorientert
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Årsløn mellom kr. 414200 – 448900 (ltr. 35-42) ved tilsetjing som vitskapleg assistent i kode 1019. Kandidatar med mastergrad, kode 1020, vil bli løna med årsløn kr. 509300,- (ltr. 51).
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.