LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent ved Institutt for biomedisin

Søknadsfrist: 16.06.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei 100 % stilling som vitskapleg assistent (1020). Stillinga er for ein åremålsperiode på 2 år frå og med 12. august 2024.

Stillinga er knytt til prosjektet “ Epigenetic Control of Obesity-induced Tumour Initiation in Breast Cancer”, finansiert av Norges Forskningsråd.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga er primært fokusert på analyse av sekventeringsdata (RNAseq, ATACseq og ChIPseq) frå vev utsett for metabolsk stress. 

Om stillinga som vitskapleg assistent

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode.

Vi gjer merksam på at etter «Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat» blir denne stillinga rekna som ei åremålsstilling, og at samla tilsettingstid som vitskapleg assistent for same person ikkje kan overstige to år (uavhengig av stillingskode som vitskapleg assistent).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha norsk mastergrad i biomedisin eller tilsvarande kompetanse, eller ha levert masteroppgåva si i eitt av desse faga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at mastergraden er fullført og bestått før tilsetting/oppstart i stillinga kan skje. 
  • Søkjar må kunne engelsk på høgt nivå, munnleg og skriftleg. Engelskkunnskapar bør tilfredsstille krav om engelskkunnskapar for opptak til ph.d.-programmet ved Det medisinske fakultet.
  • Søkjar må ha omfattande teoretiske kunnskapar innan epigenetik.
  • Søkjar må ha omfattande teoretiske kunnskapar om R Bioconductor packages og Unix sequencing analysis tools samt general programmering i R og Shell.
  • Kjennskap til Python og Julia er eit pluss.
  • Kjennskap til epigenetisk hukommelse (epigenteic memory) er eit pluss.
  • Søkjar må dokumentere evne til å jobbe sjølvstendig, vitskapleg kreativitet, og å kunne samarbeide med andre.
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, entusiasme for forsking og vere ansvarsmedviten. 

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø 
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Brutto årleg løn i 100 % stilling er for tida kr 524 700 (stillingskode 1020, tilsvarande lønnssteg 53) i det statlege lønsregulativet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknad med motivasjonsbrev som gjer greie for fagleg bakgrunn og kvifor du søkjer stillinga
  • CV
  • Mastergradsoppgåva (i pdf-format)
  • Eventuelle publikasjonar eller vitskaplege/faglege arbeid relevante for stillinga og ei liste over desse
  • Stadfesta kopiar av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon, den eine bør vere rettleiar på mastergradsoppgåva)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Nils Halberg e-post: nils.halberg@uib.no

UiB må følge Norges reglement for eksportkontroll i rekrutteringsprosessen til denne stillingen.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS