LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent (50%) til Senter for Griegforskning

Søknadsfrist: 21.06.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent

Ved Senter for Griegforskning ved Griegakademiet – Institutt for musikk er det ledig ei åremålsstilling som vitskapleg assistent (50%) knytt til prosjektet ‘Glemte stemmer i norsk musikkarv – Musikkarkivet i framtida'. Stillinga er for ein periode på eitt år frå 1. september 2024 til 31. august 2025.

Arbeidsoppgåver:

Vi søkjer etter ein vitskapleg assistent med bakgrunn frå, eller kjennskap til musikkedisjonsfagleg arkivarbeid, og som ønskjer å vera del av eit vitskapleg forskingsmiljø ved Griegakademiet.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den faglege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år (uavhengig av stillingskode som vitskapleg assistent). 

 Om prosjektet

Med prosjektet «Glemte stemmer i norsk musikkarv” ønskjer vi å utvikle ein pilotmodell for eit framtidsretta musikkarkiv basert på komponistsamlingar i Bergen. Dette inneber kartlegging, systematisering og publisering av samlingane og relaterte forskingsdata. Gjennom prosjekta ‘Norsk musikkarv' og ‘Grieg Research Guide' er det allereie lagt grunnlag for ei digital infrastrukturløysing, ‘meirmeia' (Metadata Editor and Repository for MEI Data), i samarbeid med Nasjonalbiblioteket og partnarar i Danmark og Tyskland.

I pilotprosjektet skal materiale frå u-utforska musikksamlingar i Bergen tilgjengeleggjerast i samarbeid med Universitetsbiblioteket i Bergen, KODE, Bergen Offentlege Bibliotek og Festspillene i Bergen, med mål om å aktualisera lokal norsk musikkarv gjennom nyskapande og praktiske bruksmåtar retta mot breiare målgrupper.

Arbeidsoppgåver:

  • Musikkedisjonsfagleg arkiv- og kjeldearbeid, bidra til utvikling av forskingsdatabasar/verkskatalogar/kommenterte verksedisjonar
  • Redigering, vedlikehald og vidareutvikling av Norsk musikkarv-nettsida
  • Bidra til forsking og formidling gjennom konferansar, seminar og publikasjonar
  • Bidra til søknadsskriving

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha: 

  • Mastergrad i musikkvitskap eller komposisjon 
  • Erfaring med notasjonsprogram
  • Særs gode kunnskapar i engelsk og norsk, både skriftleg og munnleg

Det er i tillegg ønskjeleg med:

  • Kjennskap til edisjonsfilologiske metodar, og dessutan evne til å raskt setja seg inn i musikk-kodering-verktøy
  • Erfaring frå arkiv eller noteedisjon
  • Erfaring med utvikling/vedlikehald av websider
  • God kunnskap om norsk musikkhistorie

Personlege eigenskapar: Vi ser etter deg som samarbeider godt, er fleksibel, løysingsorientert og bidreg til framdrift i prosjekt. Du evnar også å arbeida godt både sjølvstendig og i team, er strukturert og resultatorientert, og dessutan utettervendt med gode kommunikasjons- og formidlingsevner.

Vi tilbyr:

  • Moglegheiter for fagleg innsikt i vitskapleg arbeid og metode
  • Ei stilling som gir solid fagleg kompetanse, som kvalifisera til vitskaplege stillingar ved universitet og høgskular
  • Stilling som vitskapeleg assistent (kode 1020) i årsløn kr. 472 900 – 487 800 brutto i året i 100% stilling). Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev på norsk (400-500 ord, tilsvarande ca. 1 A4-side tekst) der du seier noko om motivasjonen din for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga.
  • Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar. 
  • CV
  • Vitnemål som viser at du har relevant utdanning (mastergrad)
  • Masteroppgåve og evt. anna vitskapleg arbeid som du vil at utvalet skal vurdera (inntil 3 arbeid)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Instituttleiar ved Griegakademiet, Randi Rolvsjord, tlf. +47 97514878, e-post randi.rolvsjord@uib.no
  • Professor i musikkvitskap, Arnulf Mattes,tlf. +47 48144938, e-post: arnulf.mattes@uib.no

For HR-relaterte eller tekniske spørsmål om søknadsprosessen, kontakt hrkmd@uib.no. 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS