LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studentmentor ved Det psykologiske fakultet

Søknadsfrist: 28.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. 

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og tre senter. Les mer om fakultet og tilhørende institutt. 

Vil du vere studentmentor ved Det psykologiske fakultet studieåret 2024/2025?

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studentmentor

Om mentorordninga ved Det psykologiske fakultetFor å sikre eit best mogleg læringsmiljø, har Det psykologiske fakultet innført mentorordninga. Dette er eit mottak for alle våre gradsgjevande studieprogram som går over heile det fyrste studieåret. Mentorordninga er noko vi organiserer fordi vi ynskjer at våre studentar skal trivast, for at dei skal få kontroll over livet som student og meistre studiet dei har starta på.

No tilset vi mentorar for studieåret 2024/2025!

Aktuelle studieprogramAlle bachelorprogram og integrerte masterprogram ved fakultetet skal ha studentmentor. Studentane på studieprogramma vert delt inn i mindre grupper, og kvar gruppe vert leia av ein studentmentor. Vi treng 24 mentorar fordelt på dei fem studieprogramma; bachelor arbeids- og organisasjonspsykologi, bachelor generell psykologi, bachelor pedagogikk, bachelor spesialpedagogikk og profesjonsutdanning i psykologi.

Om stillinga som mentorSom studentmentor vil arbeidet bestå i å leie ei gruppe med nye studentar gjennom ulike aktivitetar i fyrste studieår. Målet er å gje studentane forutsetningar for meistring, tryggleik i studenttilhøvet, samt å bidra til danninga av sosiale nettverk.

Arbeidsoppgåver:

  • Planleggja og gjennomføre gruppemøter og sosiale samlingar med mentorgruppa di
  • Skrive korte rapportar og loggar frå gruppemøter og andre mentoraktivitetar
  • Utveksle erfaringar med andre mentorar og studieadministrasjonen
  • Delta på førebuande møter, samt evalueringsmøter og møter der ein utvekslar erfaringar med andre mentorar og studieseksjonen
  • Kommunisere med studentane i gruppa utanom faste møtetidspunkt
  • Det kan óg verte aktuelt med andre oppgåver

Opplæring

Du vil få god opplæring i gruppeleiing, rolleforståing og praktisk gjennomgang av mentoraktivitetar. Du vil få oppfølging av fakultetet og kan utveksle erfaringar med dei andre mentorane. Du vil få tilgang til verktøy og materiale som du som mentor kan bruke i arbeidet.

Opplæringa vil skje 7. og 8. august. Det er ein føresetnad om at alle som takkar ja til stilling, kan møte fysisk desse datoene.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Noverande eller tidlegare studentar ved Det psykologiske fakultet på bachelor- eller masterprogrammet i generell psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi, pedagogikk, spesialpedagogikk, eller profesjonsstudiet i psykologi, kan søkje på stillinga.
  • Du er empatisk, kan improvisere og liker å leie grupper
  • Du har gode digitale ferdigheiter og er kjend med plattformane til UiB
  • Du kan arbeide sjølvstendig, men samstundes kan arbeide godt i team
  • Du er god til å planleggje
  • Du er engasjert og motivert til å jobbe med nye studentar og kan bidra til å gjere læringsmiljøet ved Det psykologiske fakultet betre
  • Du er kjent med struktur og innhald i ditt eiget studieprogram, særleg på fyrste studieår.

Vi tilbyr:

Jobben som mentor er lønna, også for kurs, førebuing og evaluering. Lønna er på 214,40 kr per time (lønnstrinn 35 i statens lønnsregulativ). Totalt er arbeidsforholdet på 100 timar fordelt på eit studieår, som vil seie ein 6,15 % stilling. I jobben som mentor blir du tilsett som fagkonsulent (stillingskode 0389). Du vil få attest frå fakultetet etter fullført jobb.

Send søknad med ei kort utgreiing om motivasjonen for å søkje stillinga. Du må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Du må også skrive studentnummer, kva studieprogram du går på og kor langt du har kome i studieløpet.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS