LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studentmedarbeidarar til Internasjonalt senter UiB

Søknadsfrist: 26.11.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studentmedarbeidarar til Internasjonalt senter UiB

Internasjonalt senter treng studentmedarbeidarar (førstesekretærar) til skranken, med oppstart ca. 01.01.2021. Stillinga lar seg kombinere med å vere student. Internasjonalt senter UiB er eit rådgjevande kompetansesenter for tilsette og studentar og tilbyr støtte og rådgjeving for studentar, fagmiljø og andre einingar ved Universitetet i Bergen.

Det er lagt opp til omkring 1-2 vaktar per veke etter arbeidsplan, med moglegheit for ekstraarbeid etter avtale i periodar med behov.

Vi har pr. idag fire 10% stillingar ledige, men det kan og bli aktuelt å tilsette fleire.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga har varierte oppgåver, med hovudoppgåver som:

  • Praktisk rettleiing i skranken ved internasjonalt senter
  • Svare telefon og e-post.

Andre arbeidsoppgåver kan komme i tillegg til skrankevakt. Døme på dette kan vere praktisk tilrettelegging ved arrangement og anna administrativt arbeid.

Skranken på Internasjonalt senter er open kvardagar kl. 11-14. Vakttida er frå 1045–1415 i perioden januar–juni og august-desember. Ferie vert avvikla i juli og mellom jul og nyttår.

Det er viktig at den som blir tilsett kan jobbe ved semesterstart og ta ekstravakter ved behov.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • God kjennskap til UiB generelt.
  • God kjennskap til Studentweb, Mitt UiB og UiB sine nettsider
  • Du er serviceinnstilt, omgjengeleg, sjølvstendig og initiativrik.
  • Du kommuniserer godt, både skriftleg og munnleg og har gode norsk- og engelskkunnskaper
  • Du har evne til å jobbe systematisk og ryddig.
  • Du er fleksibel, har stå-på-vilje og taklar ein tidvis hektisk kvardag
  • Du har vore på utveksling eller har anna internasjonal erfaring

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn som førstesekretær (kode 1063) LR.10.3 i ltr. 28 – 39 (for tida kr. 336 800 – 382 900) brutto pr år i 100% stilling etter tjenesteansiennitet. For særlig kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Nødvendig opplæring vil bli gitt.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrativ koordinator ved Internasjonlat senter, Elin Berge Flo på elin.flo@uib.no eller på telefon 55 58 90 24

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN».

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS