LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instruktørtannlege (fast og vikariat) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 18.02.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instruktørtannlege (fast og vikariat)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig 60 % fast stilling som instruktørtannlege med tilsetjing snarast og følgande vikariat som instruktørtannlege: 40 % med tilsetjing snarast og til 01.10.2024 og 20 % med tilsetjing frå 01.04.2024 og til 01.04.2025.

Vikariata kan verte forlenga. Det er moglegheit for å dele opp stillingane ned til 20 %.

Arbeidsplass er for tida ved Seksjon for kariologi. Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved andre seksjonar ved behov.

Ved tilsetting kreves det politiattest etter helsepersonelloven §20 a).

Arbeidsoppgåver:

Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg kan det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato
  • minimum to års erfaring frå allmenn praksis som tannlege
  • undervisningserfaring er eit ønskje
  • det er ein føremon at søkjar har anna ekstern stilling for å oppretthalde eigne kliniske ferdigheiter

Den som vert tilsett må ha gode kunnskapar i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil personlege eigenskapar verte vektlagd.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

For stillingane gjeld Retningslinjer for stilling som instruktørtannlege ved UiO og UiB.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 645 000 (kode 1015) i lønsregulativet i staten i ei fulltidsstilling, eller kr 650 000 for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse (kode 1353). For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • kva stillingsbrøk du ønskjer, og kva dagar du kan arbeide
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
  • søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Ved tilsettjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. leggjas fram, etter Helsepersonelloven § 20 a).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS