LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vikar universitetslektor - MET102 Samfunnsvitskapleg metode

Søknadsfrist: 01.01.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor - vikar

Ved Sosiologisk institutt, Institutt for samanliknande politikk og Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap er det ledig eit 100 % vikariat som universitetslektor i perioden 1.3 til og med 31.12.2021.

Stillinga er knytt til undervisningsemnet MET102 Samfunnsvitskapleg metode, som er eit emne dei tre institutta samarbeider om. Den som vert tilsett vil få arbeidsplass ved Sosiologisk institutt. Det vil i periodar vere mogleg å setje av tid til utvikling av eige prosjekt.

Arbeidsoppgåver:

  • Samarbeid med faglærarane og emneansvarleg om planlegging og gjennomføring av MET102, inkludert timeplanlegging
  • Bidra til undervisning og sensur.
  • Ta del i arbeidet med utlysing og tilsetjing av undervisningsassistentar på MET102 samt oppfølging av assistentane.
  • Koordinering av og deltaking i gruppeundervisninga med undervisningsassistentane, inkludert retting av obligatoriske oppgåver/ studentarbeid.
  • Det blir undervist i både kvalitativ og kvantitativ metode.
  • Gje opplæring i bruk av statistisk analyseprogram (Stata).
  • Administrasjon og informasjonsarbeid retta mot studentane. Bruk av Mitt UiB vil inngå i arbeidet.
  • Ansvar for gjennomføring av studentevaluering av undervisninga.

Det kan bli endringar i arbeidsoppgåvene. Den som vert tilsett vil også få avsett om lag 25 % av arbeidstida til FOU-arbeid (forskings- og utviklingsarbeid).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som vert tilsett må ha:

  • Mastergrad i eit av dei aktuelle faga. Om masteroppgåva ikkje er levert til vurdering innan søknadsfristen, må mastergraden vere oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det er ein føresetnad at den som blir tilsett kan dokumentere gode og breie kunnskapar i samfunnsvitskapleg metode
  • Søkjarar må ha erfaring i bruk av statistiske analyseprogram (helst Stata).
  • Det vert lagt vekt på eksamensresultat og relevant arbeidserfaring.
  • Dokumentert erfaring med undervisning/seminarleiing er ønskjeleg.
  • God språkkunnskap i norsk, munnleg og skriftleg, samt engelsk.
  • God administrativ IT-kompetanse.

Vi søkjer etter ein kandidat med desse eigenskapane:

  • Evne til å prioritere mellom oppgåver og trivst med å halde orden på parallelle arbeidsprosessar og mange aktivitetar samstundes.
  • Vere fleksibel og serviceinnstilt.
  • Vilje til å bidra til det faglege og sosiale fellesskapet. Vi søkjer deg som samarbeider godt med andre.
  • Ha gode formidlingsevner.

Dokumentert pedagogisk kompetanse er ein føremon, den som blir tilsett vil bli oppmoda til å styrke sine pedagogiske kvalifikasjonar.

Vi tilbyr:

  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning.
  • Årsløn for universitetslektor er lønssteg 51- 59 i det statlege regulativ, for tida NOK 458 900 – 526 000 per år (kode 1009/LR25). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Gode trenings- og velferdstilbod.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)
  • Godkjende kopiar av vitnemål, attestar og pedagogiske kvalifikasjonar
  • Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via JobbNorge.no.

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Søknadsfristen er sett til 01.01.2021. Søknaden skal merkast 20/12020

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Gunnar Grendstad, Gunnar.Grendstad@uib.no , tlf. 5558 9486, eller
  • Administrasjonssjef Charlotte Lillefjære-Tertnæs, tlf. 5558 2431, e-post; Charlotte.Lillefjaere@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS