Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor
Er du nyutdanna jurist og vurderer ein akademisk karriere? Då kan ei stilling som universitetslektor vere ein god start.
Ved Det juridiske fakultet er det ledig inntil 1-2 faste stillingar som 100 % universitetslektor med tiltreding januar/februar 2022.
Tilsetjing i stillingane som universitetslektor inneber 75 % undervisningsplikt. Dei resterande 25 % skal nyttast til forskings- og utviklingsarbeid. Denne tida kan nyttast til å utarbeide eit eigna ph.d.-prosjekt.
Stillingane er meint for nyutdanna juristar som vurderer å søkje stilling som stipendiat, men som ønskjer eit innblikk i kvardagen på fakultet og tid til å utarbeide eit eigna ph.d.-prosjekt.
Arbeidsoppgåver
Til stillinga ligg det undervisning på dei obligatoriske emna på masterprogrammet i rettsvitskap ved fakultetet, og dette inneber følgjande oppgåver:
Å førebu og gjennomføre undervisning Rettleiingsoppgåver
Eksamens- og sensurarbeid
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Det er ein føresetnad at du har levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen, og at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
Du må gjennom karakternivå og/eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid
Du må ha engasjement og interesse for undervisning
Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha evne til å gjennomføre arbeidsoppgåver på tilmålt tid
Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til utvikling av faget. Du må ta aktivt del i utviklinga av eit godt fagmiljø Undervisnings- og administrativ erfaring samt erfaring med populærvitskapleg formidling er ein fordel, men ikkje naudsynt
Interesse for rettsvitskapleg forsking og ein framtid som stipendiat på fakultetet vert tillagt vekt
Pedagogisk basiskompetanse er eit krav for stillinga, men den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
Undervisningsspråket på masterprogrammet i rettsvitskap er til vanleg norsk. Det er eit krav om at den som blir tilsett, kan undervise på dei obligatoriske emna på masterprogrammet i rettsvitskap på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved tilsetjing. Det er ønskjeleg, men ikkje naudsynt, at søkjaren kan undervise i dei emna der det er eit særleg behov for lærarar, slik som til dømes i formuerettslege emne.
Vi tilbyr
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Løn som universitetslektor etter lønssteg 52-56 (kode 1009/LR 25) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 475 800 - 507 600. For særleg kvalifisert søkjar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Søknadsbrev med ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
CV
Stadfesta kopiar av vitnemål, attestar og eventuelle pedagogiske kvalifikasjonar
Eventuelle publikasjonar (maks 10)
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via lenkje på denne sida ”Søk på jobben”.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Karl Harald Søvig, det juridiske fakultet, tlf.: 55589533
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR, e-post: hrjur@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare informasjon om tilsettingsprosessen finn du her.