Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor – Nasjonale prøver i engelsk
Ved Institutt for framandspråk er det ledig ei mellombels 20 prosent stilling som universitetslektor frå 1. januar 2023 til og med 31. desember 2023. Stillinga er knytt til utvikling av nasjonale prøver i engelsk, som er finansiert av Utdanningsdirektoratet.
Institutt for framandspråk har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk. Staben har nærare 60 fast vitskapleg tilsette, om lag 25 stipendiatar og postdoktorar og 11 administrativt tilsette. Instituttet har fleire eksternfinansierte prosjekt, og Nasjonale prøver i engelsk er eitt av desse. Meir informasjon om instituttet ligg her.
Arbeidsoppgåver:
Utvikling av lytte- og leseoppgåver i engelsk
Kvalitetssikring av oppgåver/prøver, vurderingskriterium og rapportar
Samarbeid med fagansvarlege på UiB
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Norsk mastergrad i engelsk eller tilsvarande utanlandsk grad
Praktisk-pedagogisk utdanning
Undervisningserfaring frå norsk grunnskule/vidaregåande skule
Kjennskap til læreplanar i engelsk for grunnskulen
Høg språkkompetanse i engelsk
Gode kunnskapar i skriftleg og munnleg norsk
Kunnskap om vurdering av språkferdigheiter
Erfaring med utvikling av storskala språkprøver
Gode samarbeidsevner
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Løn tilsvarande lønssteg 56-64 (kode 1009) etter tenesteansiennitet. Dette utgjer for tida 517 200 - 593 100 kr årleg i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med mastergrad kan det vurderast å tilsetje i stilling som høgskulelærar/øvingslærar (kode 1007) med løn tilsvarande lønssteg 46-58 etter tenesteansiennitet. Dette utgjer for tida 441 500 - 534 500 kr årleg i full stilling før skatt.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
Gode velferdsordningar.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:
1. CV.
2. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar.
3. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar.
4. Oversikt over undervisningserfaring.
5. Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle).
6. Liste over eventuelle vitskaplege/faglege publikasjonar.
Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk, eventuelt attesterte omsetjingar til eit av desse språka.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga, og personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.