Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor EVU
Ved Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen, er det ledig eit vikariat som universitetslektor knytt til instituttets etter- og vidareutdanningstilbod. Stillinga er ledig ut 2024. Det er ynskjeleg med oppstart i stillinga snarast mogeleg.
Om stillinga
Kurstilbodet er sett saman av ulike frittståande emne som med masteroppgåve kan settast saman til ein erfaringsbasert mastergrad. Tematisk er EVU-tilbodet innretta mot politisk utvikling, demokrati og menneskerettar med kurs som omhandlar demokratiassistanse, val og menneskerettsobservasjon, business and human rights, samfunnssikkerheit og krisehandtering og korrupsjonsgransking i tillegg til metodekurs. Studentane tek kursa på deltid, men kurstilbodet har i aukande grad vorte digitalisert som heilt eller delvise nettkurs. Du kan lese meir om EVU-tilbodet her. For meir informasjon om instituttet, forskingsaktivitetar og utdanningstilbod viser vi til Institutt for samanliknande politikk.
Stillinga har desse hovudoppgåvene:
ansvar for planlegging, organisering og oppfølging av undervisning knytt til instituttets etter- og vidareutdanningstilbod
koordinering av kursprogram, kontakt og oppfølging av undervisarar og fagleg kontakt med studentar
kontaktpunkt til UiB Videre
oppfølging av eventuelle vitskapelege assistentar knytt til emna.
det kan verte aktuelt med andre oppgåver knytt til undervisningsverksemda ved instituttet
Den som vert tilsett vil også få avsett om lag 25 % av arbeidstida til FOU-arbeid (forskings- og utviklingsarbeid) og fagleg oppdatering. Det kan verte endringar i arbeidsoppgåvene.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
har mastergrad i samanliknande politikk eller statsvitskap
har gode metodekunnskapar
har røynsle med undervisning, utviklingsarbeid og rettleiing, gjerne frå etter- og vidareutdanningssektoren
har erfaring med digitalisering av undervisning, røynsle med Canvas er ein føremon
er strukturert, organisert og løysingsorientert
kan undervise både på norsk og engelsk
har gode samarbeidsevner
Vi kan tilby:
Eit godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning
Årsløn som universitetslektor, st.kode 1009, mellom kr. 584 500 – 624 500 (lønssteg 60 – 64 i Statens lønsregulativ). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR rådgjevar Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.