Universitetslektor (20 % bistilling) ved Klinisk institutt 2
Søknadsfrist: 03.10.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor (20 % bistilling)
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei åremålsstilling (20 %) som universitetslektor i medisin i 2 år frå tilsetjing. Arbeidsstad er ved Medisinsk Ferdigheitssenter ved K2. Stillinga er knytt til fast relevant hovudstilling (min. 50 %) utanfor UiB.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga er knytt til undervisning og trening av grunnleggjande medisinske ferdigheiter ved Medisinsk Ferdigheitssenter. Medisinsk Ferdigheitssenter er organisert som ein kjernefasilitet for undervisning og disponerer ei rekkje areal, utstyr og studentinstruktørar. Senteret skal leggje til rette for timeplanbaserte aktivitetar og organiserte kurs (til dømes katastrofemedisinkurs) arrangert av ulike institutt og fag ved Det medisinske fakultet, og legg også til rette for individuell trening for studentane. Senteret bidrar og med areal, utstyr og personell i OSKE (eksamen) fire gonger i året for medisinstudentar på 6. og 12. semester, og arbeider med å utvikle formativ OSKE.
Vi søkjer ein medarbeidar som saman med andre tilsette ved Medisinsk Ferdigheitssenter vil bidra til framifrå undervisning i grunnleggjande medisinske ferdigheiter. Den som vert tilsett, skal delta i det praktiske arbeidet knytt til undervisninga ved Medisinsk Ferdigheitssenter, og kan og få ansvar for planlegging og utforming av nye kurs og undervisning av medisinstudentar og andre studentar på alle nivå som brukar Medisinsk Ferdigheitssenter. Den som vert tilsett må pårekna å få undervisningsoppgåver som krev at ein er til stades på Medisinsk Ferdigheitssenter på dagtid så vel som på ettermiddag.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må vere cand. med. norsk autorisasjon som lege er ein føremon
det er eit ønskje at søkjar har relevant klinisk erfaring, samt engasjement og interesse for undervisning
det er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring samt erfaring med populærvitskapleg formidling
det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid
Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.
Vi tilbyr:
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
løn frå lønssteg 56-64 etter tenesteansiennitet (kode 1009/lønsramme 25.6), for tida kr 507 600 - 583 500 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Dersom du driv forsking legg du og ved:● fullstendig publikasjonsliste● vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Bernt Aarli Bernt.Aarli@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.