LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN
Mellombelse stillingar som universitetslektorer ved Det juridiske fakultet
Søknadsfrist: 25.05.2022
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor
Ved Det juridiske fakultet er det ledig inntil 2 mellombelse stillingar som 100 % universitetslektor med tiltreding seinast ved semesterstart i august 2022. Tilsettingsperioden er på seks månader med moglegheit for forlenging.
Tilsetjing i stillingane som universitetslektor inneber 75 % undervisningsplikt. Dei resterande 25 % skal nyttast til forskings - og utviklingsarbeid.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga er tillagt undervisning på dei obligatoriske emna på masterprogrammet i rettsvitskap ved fakultetet, og inneber følgjande oppgåver:
- Å førebu og gjennomføre undervisning
- Rettleiingsoppgåver
- Eksamens- og sensurarbeid
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning
- Du må gjennom karakternivå og/eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid
- Du må ha engasjement og interesse for undervisning, og ha minst eitt års røynsle med undervisning på universitets- eller høgskolenivå
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til utvikling av faget. Du må ta aktivt del i utviklinga av eit godt fagmiljø
- Pedagogisk basiskompetanse er eit krav for stillinga, men den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
Undervisningsspråket på masterprogrammet i rettsvitskap er til vanleg norsk. Det er eit krav om at den som blir tilsett, kan undervise på dei obligatoriske emna på masterprogrammet i rettsvitskap på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved tilsetjing
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Løn som universitetslektor etter lønssteg 56 (kode 1009/LR 25) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida kr. 507 600. Ved levert phd-avhandling, lønssteg 61. Dette utgjer for tida 553 500. For særleg kvalifiserte søkjar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev med ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
- CV
- Stadfesta kopiar av vitnemål, attestar og eventuelle pedagogiske kvalifikasjonar
- Eventuelle publikasjonar (maks 10)
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via lenkje på denne sida ”Søk på jobben”.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Dekan Karl Harald Søvig, e-post: karl.sovig@uib.no
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til: hrjur@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.