LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vikariat som Universitetslektor (20%) i musikkterapi

Søknadsfrist: 14.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk, er det ledig ei mellombels vikarstilling som universitetslektor (20%) innan fagområdet musikkterapi. Tilsetjing er ønska frå 01.05.21 – 31.12.22.

Arbeidsoppgåver:

Vi søkjer ein universitetslektor til undervisning i musikkterapi på studieprogrammet Integrert master i musikkterapi. Den som vert tilsett bør ha erfaring og kompetanse i musikkterapeutisk praksis med born. Undervisningsoppgåver som er aktuelle er knytt til musikkterapi med born og unge sin oppvekst, til innføringsemne i musikkterapi og rettleiing av studentar på både BA- og MA-nivå. Undervisningsoppgåver på andre emne kan òg verte aktuelt.

  • Undervisningsoppgåver på BA- og MA-nivå
  • Rettleiing av praksis og oppgåver på BA- og MA-nivå

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan musikkterapi. Søkarar må og ha erfaring som praktiserande musikkterapeut, og relevant erfaring frå undervisningsarbeid/ og/eller pedagogisk kompetanse.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Pedagogiske evner og engasjement.
  • Organisatoriske evner og erfaring.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men kan òg vere engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Stilling som universitetslektor (kode 1009) i lønssteg 52 - 64 (kr. 466.500 – 575.600, lønsramme 25:6). Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV.
  • Vitnemål og attestar.
  • Liste over vitskaplege publikasjonar som har relevans for stillinga.
  • Materiale som dokumenterer kompetanse som universitetslektor.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og kan bli bedne om å halde prøveundervising for tilsette og studentar ved instituttet.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Randi Rolvsjord på tlf. + 47 - 55 58 69 79, e-post: randi.rolvsjord@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS