LEDIG STILLING VED OSLOMET

Undervisnings- og forskningsstillingar i barnehagepedagogikk

Søknadsfrist: 20.10.2022

OsloMet

OsloMet – storbyuniversitetet er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet leverer kunnskap og yrkesutøvere samfunnet er avhengig av, og er tett på arbeidslivets behov. OsloMet er et urbant og mangfoldig universitet med internasjonalt preg og et attraktivt studie- og arbeidssted med studiesteder midt i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm. Tilstedeværelsen i hovedstadsregionen gir universitetet gode muligheter til å forstå og høste fordelene av byens varierte befolkningssammensetning.

Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI) har ca. 550 ansatte og 7000 studenter, og holder til i Oslo og Akershus. Fakultetet består av fire institutter og Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO). Fakultetet utdanner fremtidens lærere fra barnehage til og med videregående skole, i nært samarbeid med praksisfeltet. Fakultetet tilbyr ph.d. i utdanningsvitenskap for lærerutdanning. I tillegg tilbyr fakultetet utviklingsstudier og utdanning i tegnspråk og tolking. Mangfold er en kjerneverdi for fakultetets virksomhet. Forsknings- og utviklingsarbeidet er profesjonsrettet, praksisnært og internasjonalt orientert.

Institutt for barnehagelærerutdanning (BLU) har sterke fagmiljøer som bidrar til forskningsbasert kunnskap av relevans for samfunnets utfordringer på barnehagefeltet. Instituttet utvikler sine utdanninger i nært samarbeid med praksisfeltet gjennom studentenes praksisopplæring og gjennom forsknings- og innovasjonsprosjekter. Instituttet tilbyr bachelorstudier i barnehagelærerutdanning, masterstudium i barnehagekunnskap og etter- og videreutdanninger.

Førsteamanuensis/førstelektor/universitetslektor i barnehagepedagogikk

Ved Institutt for barnehagelærarutdanning ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar er det ledig inntil fire 100 % faste stillingar som førsteamanuensis/førstelektor/universitetslektor i barnehagepedagogikk med tilsetjing 1. august 2023. Det er spesielt innanfor fagområda leiing, rettleiing, småbarnspedagogikk og spesialpedagogikk vi treng fleire dyktige medarbeidarar.

Institutt for barnehagelærarutdanning har ca. 2000 studentar og 135 tilsette, og er lokalisert i Pilestredet i Oslo sentrum. Instituttet tilbyr bachelor i barnehagelærarutdanning og master i barnehagekunnskap, samt ei rekke etter- og vidareutdanningskurs. Fakultetet tilbyr ph.d. i utdanningsvitskap for lærarutdanning. Instituttet har eit utstrekt samarbeid med barnehagar og institusjonar som er relevante for arbeidet vårt.

Kollegiet samarbeider i tverrfaglege undervisningsteam. Pedagogikk inngår i mange emne, mellom anna i kunnskapsområdet «Barns utvikling, leik og læring», vidareutdanning på oppdrag, Regional ordning og Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.

Les meir om fakultetet og instituttet her.

Les meir om våre forskergrupper her.

Arbeidsoppgåver:

  • undervise, rettleie og vurdere bachelor-, ev. master og ph.d-nivå, samt på etter- og vidareutdanningstilbod (EVU-tilbod)
  • følgje opp studentar i praksisopplæring
  • arbeide med kurs og oppdrag avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov
  • gjennomføre eige forskings- og utviklingsarbeidLærarutdanningsprofilen og profesjonsretta forskings- og utviklingsarbeid står sentralt ved fakultetet. Difor er det viktig at den som blir tilsett, er innstilt på å orientere seg mot profesjonsspesifikke problemstillingar innanfor barnehagefeltet.
  • ta initiativ til og delta i utviklinga av større forskingsprosjekt og søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • oppsøkje og delta i forskingssamarbeid med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar
  • formidle forskingsresultat til både fagmiljøa og samfunnet elles
  • bidra i arbeidet med å vidareutvikle fagmiljøet og utdanningane ved instituttet
  • utføre fagleg-administrative oppgåver

Kvalifikasjonskrav:

  • For tilsetjing i stilling som førsteamanuensis krevst det doktorgrad i pedagogikk eller tilsvarande.
  • For tilsetjing i stilling som førstelektor krevst det embetseksamen, hovudfag eller mastergrad i pedagogikk eller tilsvarande, og dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang svarer til arbeidsmengd og nivå for ei doktorgradsavhandling.
  • For tilsetjing i stilling som universitetslektor i pedagogikk, krevst det mastergrad, hovudfag eller embetseksamen i pedagogikk eller tilsvarande.
  • Søkjarar må dokumentera relevant praktisk-pedagogisk kompetanse Søkjarar må dokumentera grunnleggjande kompetanse i undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Søkjarar som ved tilsetting ikkje kan dokumentera slik universitetspedagogisk basiskompetanse, må skaffa seg denne kompetansen i løpet av ei to-års periode. OsloMet tilbyr emnet universitetspedagogikk (UHPED) som dekkjer dette kravet.
  • Det krevjast god munnleg og skriftleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk (minimum B2-nivå) og på engelsk.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på

  • forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for stillinga.Publikasjonar frå dei siste seks åra vil bli vektlagde.
  • røynsle med forskingsnettverk og prosjekt med ekstern finansiering
  • potensial for prosjektakkvisisjon
  • røynsle med og kunnskap om barns lek og læring i barnehage
  • røynsle med og kunnskap om følgande felt: leiing, småbarnspedagogikk, spesialpedagogikk og rettleiing.
  • undervisningsrøynsle på bachelor- og masternivå, fortrinnsvis frå barnehagelærarutdanning
  • pedagogiske evner
  • kjennskap til og/eller røynsle frå barnehagefeltet
  • god digital kompetanse, inkludert røynsle med studentaktive læringsformer og bruk av digitale undervisnings- og vurderingsverktøy
  • god evne til å kommunisere og samarbeide med studentar og kollegaer
  • personlege eigenskapar som kan bidra positivt til arbeidsmiljøet

Generelle kriterium for tilsetjing i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

OsloMet gjennomfører prøving av pedagogiske kvalifikasjonar i samband med intervju.

Det er viktig for OsloMet å spegle folkesetnaden i regionen. Vi arbeider aktivt med å utvikle OsloMet vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje arbeidsplassen til rette dersom det er behov for det. Vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkommen, òg søkjarar som har opplevd periodar i livet utan arbeid, utdanning eller opplæring.

Søknadsprosess:

Følgjande dokument må lastast opp innan søknadsfristen:

  • søknadsbrev
  • CV
  • attestar og alle sider av vitnemål
  • fullstendig publikasjonsliste
  • inntil ti vitskaplege arbeid og eit oversyn over desse arbeida, inkl. ph.d.-avhandling dersom relevant
  • to referansar med kontaktinformasjon

Vi behandlar berre søknadar som er sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem, og alle dokument må lastast opp for at søknaden din skal bli behandla. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autoriserte, og originalar må visast fram ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at alle kandidatar skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse. Ufullstendige søknader vil ikkje bli vurderte.

Søkjarar vil bli vurderte av eit sakkunnig utval. Før søknadspapira blir sende til dette utvalet, vil alle søknadene bli gjennomgått ved fakultetet. Søknader frå ikkje-kvalifiserte søkjarar vil ikkje bli sendt til vurdering.

Har du dokument som ikkje kan lastas opp elektronisk, kontakt: Ingrid Andvin Tsolakis [email protected]

Vi tilbyr

  • interessante oppgåver ved Noregs tredje største universitet
  • tid til profesjonsnært forskings- og utviklingsarbeid
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar og eit omfattande tilbod av aktivitetar innan kultur og sport

Andre opplysningar:

For nærare informasjon om stillinga kan følgjande kontaktast:

Stillinga vert løna etter vilkåra i Hovedtariffavtalene i staten og OsloMet sin lønnspolitikk, som førsteamanuensis i kode 1011 og førstelektor i kode 1198, lønnssteg 60 - 74 (frå kr 553 500 til kr 714 000 per år), i stilling som universitetslektor i kode 1009, i lønnssteg 51 – 66 (frå kr 478 300 til kr 615 000 per år). For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgre løn bli vurdert. Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til SPK.

Søk elektronisk på stillinga ved å nytte knappen nedst på sida «Logg inn og søk stillinga».

OsloMet er Charter & Code sertifisert av EU-kommisjonen med rettigheter til å bruke logoen HR Excellence in Research (HRS4R) og medlem i nettverket EURAXESS som bidrar til gode arbeidsforhold for mobile forskere. OsloMet har sluttet seg til prinsippene og forpliktet institusjonen til å følge anbefalingene i DORA-erklæringen (sfdora.org) (The San Francisco Declaration on Research Assessment). Besøk OsloMet på LinkedIn.

Referansenummer: 22/06242

Logg inn og søk stillinga

Powered by Labrador CMS