LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor i naturfagdidaktikk (mellombels, 20%)

Søknadsfrist: 23.11.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i naturdidaktikk (mellombels, 20%)

Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei mellombels 20% stilling som universitetslektor i naturfagdidaktikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 1,5 år og knytt til undervising på lektorprogrammet ved det Matematisk-naturvitskapeleg fakultet.

Stillinga er ledig frå 1. januar 2024.

Arbeidsoppgåver:

Vi søker en engasjert kandidat til undervisning i emnet NATDID220 - naturfagdidaktikk. Emnet går både haust og vår og har som mål å gje studentar eit fagdidaktisk og forskingsbasert grunnlag for å utvikle kompetanse som lærarar i skulens naturfag. Arbeidet består i hovudsak av undervising og praksisbesøk, samt moglegheit for å være med på rettleiing av masterstudentar. Undervisinga i naturfagdidaktikk er knytt til det integrerte lektorprogrammet og praktisk-pedagogisk utdanning. Det må reknast med deltaking i felles oppgåver i lektorprogrammet og ved Institutt for biovitskap.

Universitetslektoren vert tilsett ved Institutt for biovitskap.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad eller tilsvarande utdanning innan biologi, biologididaktikk/naturfagdidaktikk eller tilsvarande relevante fagfelt. Masterstudentar kan søkje om dei har levert masteroppgåva si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at eksamen er avlagt før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå undervisning er ein føremon, gjerne inkludert didaktikk.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Motivasjon for å arbeide med lektorutdanning og entusiasme for undervisning og rettleiing av studentar har også stor betydning.

Vi søkjer ein person som

  • Har et innovativt blikk på undervisning.
  • Er initiativrik og engasjert.
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.
  • Er utviklingsorientert.
  • I stor grad er sjølvstendig og løysingsorientert.
  • Har god arbeidskapasitet og arbeider systematisk.
  • Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter, inkl. administrative rutinar.

Særeigne krav for stillinga 

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. 

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø 
  • stilling som universitetslektor (kode 1009 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på mellom kr.565.500 – 594.500 (svarar til lønssteg 60-62) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar 

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sin kompetanse og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at oppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med radgiver Therese Myhre Odfjell, epost therese.odfjell@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS