LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Administrasjonssjef ved Senter for krisepsykologi

Søknadsfrist: 09.10.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Er du vår nye administrasjonssjef ved Senter for krisepsykologi?

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Administrasjonssjef

Senter for krisepsykologi (Sfk) ved Det psykologiske fakultet har ledig ei fast 100 % stilling som administrasjonssjef. Stillinga rapporterer til senterleiar.

Sfk har spisskompetanse på krise- og katastrofeintervensjon, sorg, traume og konsekvensar av alvorleg sjukdom hos barn, vaksne og eldre. Sfk har eit omfattande nasjonalt og internasjonalt nettverk av samarbeidspartnar, og har lang erfaring med utvikling av tenester og kompetanse i kommunalteneste, barnevern og innan spesialisthelsetenesta.

Arbeidsoppgåver:

  • · Personalansvar, dagleg drift og overordna administrative funksjonar
  • · Saksbehandlings-, utviklings- og utgreiingsoppgåver
  • · Ansvar for utvikling, iverksetting og oppfølging av administrative prosedyrar og rutinar
  • · Ansvar for å følge opp senteret sitt etter- og videreutdanningstilbud (EVU)
  • · Ansvar for administrativ oppfølging av senterets internasjonale verksemd

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning på minst masternivå. Realkompetanse i kombinasjon med relevant etter- og vidareutdanning kan erstatte utdanningskravet
  • Administrativ praksis frå Universitets- og høgskulesektoren og relevant erfaring frå utdanning, forsking, økonomistyring og administrativ leiing er eit krav
  • Vi ser etter deg som har leiareigenskapar og evne til sjølvstendig og resultatorientert arbeid
  • Gode kommunikasjonsevner, gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som administrasjonssjef (kode 1058) etter hovudavtalane i staten, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Det utgjer for tida ei årleg løn på kr. 600 000 - 680 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan fakultetet vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS