Seniorrådgjevar (administrativ leiar) ved Pandemisenteret
Søknadsfrist: 13.02.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorrådgivar
Det medisinske fakultet, Pandemisenteret er ei heilt ny satsing på UiB. Det skal vere eit tverrfagleg og tverrfakultært senter som har si viktigaste oppgåve å inspirere og leggje til rette for forsking, utdanning og formidling om pandemiar. Senterets visjon er å produsera samfunnsnyttig kunnskap for førebyggjng og handtering av pandemiar i eit langsiktig perspektiv.
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin er det ledig ei 100 % stilling som administrativ leiar (seniorrådgjevar) med tilsetjing snarast mogleg.
Arbeidsoppgåver:
Bidra til å etablere Pandemisenteret etter mandat og visjonar.
Dagleg administrasjon av senteret.
Budsjettarbeid, økonomistyring, rapportering og informasjonsflyt.
Yte leiarstøtte til fagleg senterleiar.
Hjelpe til med utvikling og iverksetjing av faglege strategiar og prosjektetablering.
Leggje til rette for tverrfagleg og tverrfakultært samarbeid om pandemi.
Ansvar for regelmessige møter med forskings- og kommunikasjonsrådgjevarar på dei ulike fakulteta.
Overordna ansvar for kommunikasjonsarbeidet ved Pandemisenteret.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Mastergrad eller tilsvarande.
Relevant erfaring innan generell administrasjon.
Erfaring innan økonomi og administrative IKT-system.
God kjennskap til relevante forskingsmiljø ved Universitetet i Bergen og relevante samarbeidspartnerar.
Erfaring frå organisering av tverrfagleg/tverrfakultært samarbeid.
Svært god skriftleg og munnleg norsk og engelsk.
Vi søkjer ein person som
Sjølvstendig, strukturert og målretta
Initiativrik og god gjennomføringsevne
Svært gode kommunikasjons- og leiareigenskapar
Svært god skriftlig og munnleg framstillingsevne
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 58-64 (for tida kr 516 400 – 575 600). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Instituttleder Guri Rørtveit på tlf. 55 58 61 41 eller e-post Guri.Rortveit@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.