LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Prosjektleiar for web og design

Søknadsfrist: 22.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Prosjektleiar for web og design (rådgjevar/seniorrådgjevar)

Kommunikasjonsavdelinga søker ein dyktig prosjektleier i fast 100 % stilling. UiB skal vidareutvikle og etablere nye digitale kanalar for ekstern og intern kommunikasjon og ser etter ein erfaren og allsidig prosjektleder til å stå sentralt i dette arbeidet.

Den vi søker skal ha solid kjennskap til interaksjonsdesign, grafisk og digitalt utviklingsarbeid og kunne leie utvikling av UiBs digitale publiseringsløysningar.

UiB ein stor og kompleks organisasjon der kommunikasjonen har ei viktig rolle i å bidra til å nå ut med informasjon på digitale plattformer.

Stillinga er lagt til Seksjon for web og design på Kommunikasjonsavdelinga, som blant anna skal legge til rette for ei stabil drift og framtidsretta utvikling av grunnleggande tenester knytt til produksjon, utvikling og design av både digitale og trykte flater.

Stillinga er ei fast 100 % stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar tilknytt den sentrale kommunikasjonsavdelinga til UiB, eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid.

Arbeidsoppgåver:

Prosjektleiar skal ha en operativ, leiande rolle i utvikling av grunnleggande tenester knytt til produksjon, utvikling og design av både digitale og trykte flater.

  • Planlegge og leie utviklingsprosjekter i samråd og dialog med leiinga på avdelinga
  • Bidra til leveransar og kompetanse innan interaksjonsdesign, grafisk og digitalt utviklingsarbeid
  • Har dialog med ulike utviklingsmiljø og IT-avdelinga i konkrete prosjekt
  • Være rådgivar for avdelingsleiinga i fagområdet interaksjonsdesign, grafisk og digitalt utviklingsarbeid
  • Handtere andre oppgåver ved behov, til dømes profilutvikling for UiB og forvaltning av Kommunikasjonsavdelinga sitt systemansvar for UiBs nettsider

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant praksis
  • Solid erfaring med leiing av prosjekt
  • Dokumenterbare resultat frå tilsvarande arbeidsoppgåver
  • Takle høgt tempo og evne til oversikt
  • Erfaring og kunnskap om grafiske produksjonar, interaksjonsdesign, brukaroppleving og webteknologi
  • Gode språkkunnskapar og evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i årslønn 626 300 - 701 300 / rådgjevar (kode 1434) i årslønn 604 4000 - 636 700 (høgare løn kan vurderast for særs kvalifiserte søkjarar)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Programdirektør for digitalisering Mathilde Holm: mathilde.holm@uib.no/ 455 15 304 eller
  • Seksjonssjef: Hans-Petter Isaksen hans-petter.isaksen@uib.no/ 454 39 866

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS