Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seksjonssjef
Ved Studieavdelinga er det ledig ei fast stilling som seksjonssjef ved seksjon for studiekvalitet.
Til seksjonen ligg ansvar for:
Systemet for utdanningskvalitet
Støtte til fagmiljøa i utvikling av utdanningane
Avtalar og samarbeid med offentlege instansar og arbeidsliv
Forvalting av lover og forskrifter som regulerer utdanningsverksemda
Saksutgreiing for utdanningsutvalet og læringsmiljøutvalet
Vedlikehald og utvikling av IT-systema for læring, kvalitetsutvikling og forvaltning
Sentrale oppgåver for seksjonssjefen vil vere:
Leiing av seksjonen med personalansvar for 20 medarbeidarar
Saksoppfølging og kvalitetssikring
Støtte til fagleg og administrativ leiing i strategisk utviklingsarbeid, og i arbeid med studiekvalitet og ekstern finansiering av utdanning
Bidra til utvikling av avdelinga og sikre leveransar frå seksjonen i tverrgåande prosjekt og prosessar
Kvalifikasjonar:
Høgre utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande masternivå
Erfaring med utviklingsorientert og strategisk arbeid
Erfaring med personalleiing og prioritering av ressursar
Erfaring med samarbeid mellom fagleg/politisk- og administrativ leiing
Erfaring med kvalitetssikring vil vera ein føremon
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
Er glad i å arbeide med folk og likar å leie og bidra til gode prioriteringar
Er ein lagspelar som er opptatt av gode prosessar og godt samspel med andre
Liker å jobbe tverrfagleg, er god på å sjå styrker hos medarbeidarane, er samarbeidsorient, pragmatisk og god til å kommunisere
Er utviklingsorientert og analytisk
Har høg arbeidskapasitet, er avgjerdsdyktig og har god gjennomføringsevne
Vi tilbyr:
Ein stimulerande og utfordrande arbeidskvardag ved ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon
Moglegheiter for fagleg utvikling
Stilling som seksjonssjef (kode 1211) i lønssteg 75 - 82 for tida kr 708 000 - 864 100 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.