Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Eigedomsavdelinga sitt oppdrag er å levere gode bygg og bidra til UiB når sine mål. Vi har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2. Avdelinga har omlag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab og Større satsingar. Avdelinga forvaltar eit årleg budsjett til drift og investering på omlag 950 mill., større satsingar kjem i tillegg. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.. Les meir om eiendomsavdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seksjonsleiar - prosjekt
Universitetet står framfor store bygge- og utviklingsprosjekt og treng høg kompetanse for gjennomføring av prosjekta i alle fasar (tidlegfase, planlegging og gjennomføring av bygge- og rehabilitering). Nokre av dei største satsingane er transformasjon og rehabilitering av bygg på Realfagshøyden (Nygårdshøyden sør), nytt Griegakademi, samlokalisering av HF-fakultetet og rehabilitering av Kulturhistorisk museum.
Arbeidsoppgåver:
Seksjon Prosjekt har det administrative ansvaret for planlegging og gjennomføring av nybygg, ombyggingar, rehabilitering og vedlikehaldsprosjekt, i tillegg også arealkoordinering, miljøkoordinering og interiør
Seksjonsleiar er sentral i eigedomsdirektøren sin leiargruppe og har den administrative og faglege leiinga av eininga. Prosjektseksjon har 21 tilsette.
Ein sentral oppgåve er å utvikle seksjonen vidare, vere pådrivar for miljø, digitalisering og effektiviseringsarbeid i ved Eigedomsavdelinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Høgare relevant teknisk utdanning på sivilingeniør/masternivå
Leiarerfaring
Erfaring frå større bygge- og/eller anleggsprosjekt, i alle prosjektfasar
Gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg
God økonomiforståing
Vi ser etter ein person med:
Serviceinnstilling og gode samarbeidsevner
Evne til å motivere og leie sjølvstendige og godt kvalifiserte fagfolk
Evne til å ta initiativ og vere løysingsorientert
Evne til å prioritere oppgåver og vere leveransedyktig
Evne til å sjå heilhetleg og tverrfagleg
Evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, samhandling og utvikling av seksjonen
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Vi tilbyr:
Eit fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
Medverking til utvikling av bygg og eigedommar som spenner frå museum til avanserte laboratoriebygg
Samarbeid med dyktige fagmiljø om viktige utviklingsoppgåver for heile universitetet
Inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
Opplæring og anledning til vidareutdanning og utvikling
Stilling som seksjonssjef (kode 1211) løn frå i kr 900 000 – 1 200 000 etter kvalifikasjonar i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Eigedomsdirektør Kjartan Nesset, mobil 95 91 28 31, e-post: kjartan.nesset@uib.no eller
Ass. eigedomsdirektør AgnetheErstad Larsen mobil 97061306, e-post: agnethe.larsen@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppfordrar kvinner til å søkje.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.