LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

HR-sjef (seksjonssjef) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 22.05.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret.

Universitetsdirektøren sitt kontor omfattar Sekretariat for universitetsledelsen og Holbergprisens sekretariat.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

HR-sjef (seksjonssjef)

Er du vår nye utviklingsorienterte og inspirerande HR-sjef?

Ved Det medisinske fakultet, fakultetsadministrasjonen, er det ledig ei stilling som HR-sjef/seksjonssjef. HR-sjefen rapporterer til fakultetsdirektøren som leiar fakultetsadministrasjonen. Stillinga inngår i den administrative leiargruppa ved fakultetet.

Fakultetet har om lag 1 200 tilsette, fem institutt og to senter for framifrå forsking. Fakultetet har forskingsaktivitet på høgt internasjonalt nivå, og utdanningsprogram i medisin, odontologi, farmasi, ernæring og andre bachelor- og masterprogram i helserelaterte fag. Fakultetet samarbeider tett med sentrale aktørar i helsevesenet og med andre utdanningsinstitusjonar. Fakultetsadministrasjonen tel om lag 55 medarbeidarar. I tillegg kjem administrasjon for Globale samfunnsutfordringar (GSU, eit strategisk satsingsområde ved UiB) og Regional komité for forskingsetikk Vest (REK Vest).

Rekrutteringsseksjonen og personalseksjonen ved fakultetet er nyleg samanslege til ein HR-seksjon. Den nye seksjonen vil bestå av 12 tilsette og har ansvar for dei samla HR-tenestene på fakultetet. Dette omfattar personaladminstrasjon, rekrutteringsarbeid, rådgjeving for leiarar og tilsette innan eitt breitt spekter av HR-faglege spørsmål, samt saksførebuing for vedtaksførande organ.

Som HR-sjef vil du ha ansvar for at det er gjennomgåande god HR-fagleg standard i eininga og at eininga yter gode tenester til fakultets- og instituttleiingane, forskarane og dei tilsette.

UiB arbeider med standardisering av administrative tenester. Dette gir spanande moglegheiter som vil påverke HR-arbeid framover.

Omfattande avgjerds- og ansvarsmynde er delegert til fakultetet, både innan økonomi- og personalforvaltning, så vel som innan studie- og forskingsadministrasjon. Fakultetsadministrasjonen førebur saker for fakultetsstyret i samråd med den faglege leiinga og har ansvar for iverksetjing av vedtak.

Arbeidsoppgåver:

  • Personalansvar for medarbeidarane i HR-seksjonen og resultat- og fagansvar for HR-feltet (rekruttering og personalfeltet)
  • Vidareutvikle HR-feltet gjennom godt samarbeid i seksjonen og med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Prosjektleiing, rådgjeving, evalueringsarbeid
  • Utviklings- og utgreiingsoppgåver
  • Strategi- og planarbeid innan HR-feltet
  • Bidra til å effektivisere og forbetre prosedyrar og arbeidsprosessar innan HR-feltet for heile fakultetet, mellom anna ved auka bruk av digitale løysingar

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Leiarerfaring frå komplekse organisasjonar
  • Kjennskap til offentleg forvalting og innsikt i universitets- og høgskulesektoren og relevante lov- og avtaleverk er ein føremon
  • Erfaring med omstillings- og organisasjonsutviklingsarbeid samt utgreiingsoppgåver
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på norsk og engelsk

Vi søkjer ein person som:

  • har eit innovativt blikk på effektiv saksbehandling og god arbeidsflyt, både innad i HR-seksjonen og i samarbeidet med instituttnivået
  • er opptatt av tillitsbasert ledelse, med god evne til å leie og motivere medarbeidere
  • er initiativrik og engasjert
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • er utviklingsorientert og strategisk
  • har stor grad av sjølvstende og er løysingsorientert
  • har stor arbeidskapasitet og arbeider systematisk
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Tilbod om fagleg og personleg utvikling gjennom kompetanse- og leiarutvikling
  • Stilling som seksjonssjef (kode 1211) i lønssteg 76-82 (for tida kr 734 400 – 873 400). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS