LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Administrativ leiar ved Holbergprisen

Søknadsfrist: 15.08.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret. Universitetsdirektøren sitt kontor omfattar Sekretariat for universitetsledelsen og Holbergprisens sekretariat.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seksjonssjef 

Velkommen som søkjar til Holbergprisens sekretariat, til ein spennande stilling som administrativ leiar. 

Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris for framifrå forsking innan humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Forutan sjølve Holbergprisen, administrerer sekretariatet òg arbeidet med Nils Klim-prisen for yngre forskarar frå/i Norden og Holbergprisen i skolen. Holbergprisen vert administrert gjennom Holbergstyret av Universitetet i Bergen, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

Vi søkjer ein person som er engasjert i å skape gode relasjonar og drive eit profesjonelt sekretariat. Stillinga leiar sekretariatet for Holbergprisen, kor det i dag arbeider totalt åtte personar. Stillinga vil ha ansvar for eininga si økonomistyring og personalansvar, og du må difor ha god økonomiforståing samt svært gode samarbeidsevner. Stillinga har høg grad av sjølvstende og fleksibilitet, men du vil arbeide tett saman med kollegaer i Holbergprisen. Som administrativ leiar vil du òg få ansvar for samarbeid med relevante aktørar i sektoren, nasjonalt og internasjonalt. Administrativ leiar rapporterer til Holbergprisens faglege leiar og til Universitetsdirektørens kontor ved Universitetet i Bergen.

Arbeidsoppgåver:

Administrativ leiing av Holbergsekretariatet si daglege drift, og leiing av den samla administrative eininga, med særskilt vekt på følgjande oppgåver:

  • Strategiutvikling, budsjett- og rekneskapsarbeid
  • Førebu og sette i verk vedtak fatta i Holbergstyret
  • Personaloppfølging, kontraktar, interne rutinar
  • Koordinering av dei akademiske komitéane sitt arbeid og møter
  • Planlegging og gjennomføring av større arrangement, nasjonalt og internasjonalt
  • Informasjonsarbeid
  • Stillinga inneber noko reising nasjonalt og internasjonalt

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning på minst masternivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant leiarerfaring tilpassa stillinga
  • Relevant administrativ praksis, gjerne frå universitetssektoren
  • Erfaring med budsjett- og rekneskapsarbeid
  • God digital kompetanse
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk
  • Erfaring frå planlegging og gjennomføring av arrangement
  • Kjennskap til internasjonal forsking og forskingsorganisering er ønskeleg
  • Evne til å ta initiativ, være fleksibel, handtere mange oppgåver samtidig, kunne arbeide raskt, nøyaktig og sjølvstendig og være ein god lagspelar i en liten organisasjon
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli lagt vekt på.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som administrativ leiar/ seksjonssjef (kode 1211), i ltr. 78-83 (for tiden kr. 821 100 - 942 700 brutto) i det statlege lønsregulativ. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Fagleg leiar ved Holbergprisen, Bjørn Enge Bertelsen (tlf. 411 03 883, epost: bjorn.bertelsen@uib.no), 
  • Seksjonssjef ved Universitetsdirektørens kontor, Arne R. Ramslien (tlf. 452 45 549, epost: arne.ramslien@uib.no) eller 
  • Administrativ leiar ved Holbergprisen, Ellen Ingeborg Hætta (tlf. 988 01 001, epost: ellen.haetta@uib.no)

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for stillinga, men arbeidsoppgåvene kan endrast etter behov på Holbergprisens sekretariat.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS