LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Fagleg leiar (professor) ved Senter for internasjonal helse

Søknadsfrist: 20.10.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Fagleg leiar (Professor) ved Senter for internasjonal helse

VIL DU VERE MED Å FORME UNIVERSITETET I BERGEN SITT TRADISJONSRIKE SENTER FOR INTERNASJONAL HELSE?

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS) er det ledig ei åremålsstilling (100 %) for 4 år som fagleg leiar (professor) ved Universitetet i Bergen sitt Senter for internasjonal helse. Åremålet kan søkjast igjen inntil to gonger. Arbeidsstad er ved Senter for internasjonal helse, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Alrek helseklynge. Senterleiar rapporterer til instituttleiar ved IGS.

Senter for internasjonal helse er eit tverrfagleg og tverrfakultært senter som har som si viktigaste oppgåve å inspirere og leggje til rette for forsking, utdanning og formidling om globale helseutfordringar. Visjonen til senteret er å utføre fremragande forsking og utdanning for å bidra til betre helse og likeverd i låg- og mellominntektsland. Senteret har som mål å initiere og leggje til rette for tverrfagleg og tverrfakultært forskings- og utdanningssamarbeid om tema relatert til global helse. Senteret arbeider med tema relevante for FNs bærekraftmål, slik som mor-og barn-helse, infeksjonssjukdommar, ernæring, skadar, ikkje-smittsomme sjukdommar og mental helse. I dag er 16 fast vitskaplege tilsette personar tilknytta senteret, som har fagleg ansvar for 58 ph.d.-kandidatar. Masterprogrammet «Global helse» har 50 studentar, og senteret har også ansvar for undervising i internasjonal helse for medisinstudentar. Senteret har i dag prosjektsamarbeid med 36 ulike land.

Vi søkjer ein person med framifrå leiareigenskapar, som evnar å stimulere utviklinga av tverrgåande og gode fagmiljø på ein samlande måte. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid. Resultat oppnådd dei siste 5-7 åra vil bli særleg vektlagt. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på masternivå eller i profesjonsutdanningar, og må ha rettleia ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring med intervensjonsstudiar og interesse for innovasjon.

Dersom ekstern søkar vert tilsett, vil ein inngå avtale om ordinær professorstilling etter gjennomførte åremålsperiodar.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Leie og koordinere fagleg drift og utvikling av Senter for internasjonal helse
  • leie strategiarbeid for senteret
  • initiere, fasilitere og koordinere tverrfagleg og tverrfakultært forskings- og utdanningssamarbeid om global helse
  • stimulere søknader om ekstern finansiering av forsking ved Senteret
  • kople ulike fagmiljø med kvarandre og med eksterne aktørar og fungere som eit bindeledd for desse
  • vere sekretær for styringsgruppa for Senter for internasjonal helse
  • leie satsinga Globale samfunnsutfordringar (https://www.uib.no/en/globalchallenges)
  • drive eigen forsking og undervise innanfor fagfeltet global helse
  • vere med i leiargruppa ved IGS og bidra til utvikling av heile instituttet

Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifiserte søkjarar må ha

  • norsk doktorgrad eller tilsvarande kompetanse
  • professorkompetanse etter gjeldande regelverk, inkludert utdanningsfagleg kompetanse, sjå nasjonale normer for professorkompetanse i medisin
  • leiarkompetanse og -erfaring
  • omfattande og relevant forskingserfaring frå global helse-feltet
  • erfaring frå arbeid i låg- eller mellominntektsland, med vekt på arbeid med forsking
  • særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på engelsk.

Erfaring frå studie- og forskingsleiing er ønskeleg, samt erfaring frå organisering av tverrfagleg/tverrfakultært samarbeid.

Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga, søkjar må

  • arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • ha evne til å engasjere, samarbeide og arbeide i fagmiljø på tvers av fag, fakultet og institusjonsgrenser
  • vere initiativrik og ha god gjennomføringsevne
  • vere omgjengeleg, raus og inkluderande
  • ha gode evner til kommunikasjon, inkludert evne til å skape tillit og byggje nettverk internt og eksternt
  • ha ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog
  • ha gode strategiske evner

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Undervisningsspråket er til vanleg engelsk eller norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god administrativ støtte
  • stillinga vert lønt etter lønssteg 88 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida kr 1 047 600 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 15).
  • dei 15 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner/menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS