Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Administrasjonssjef
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1 (K1), er det ledig ei spennande og utfordrande leiarstilling som administrasjonssjef (100 %) med tilsetjing frå april/mai 2024. Administrasjonssjefen ved K1 har personalansvar for de tilsette i administrasjonen og inngår i instituttet si leiargruppe. Det er et særs godt arbeidsmiljø i administrasjonen og ein svært faglig sterk administrasjon. Arbeidssted er i Laboratoriebygget på Campus Haukeland.
Vi ser etter deg som er positiv, har gode leiareigenskapar og god kapasitet for sjølvstendig, strukturert og resultatorientert arbeid. Du trivs med å vere ein som held hjula i gang ved instituttet, og som har glede av å lykkast saman med andre.
Klinisk institutt 1 har om lag 250 tilsette, og vi har stor forskingsaktivitet. K1 vektlegger forsking som tar utgangspunkt i kliniske problemstillingar, og kombinerer dette med grunnleggande laboratorie- og registerbasert forsking, og forsking knytt til biletedannande analyser. Instituttet har eit totalbudsjett på om lag MNOK 110, hvorav om lag MNOK 60 er eksterne midler.
Arbeidsoppgåver:
Personalansvar for instituttadministrasjonen, dagleg drift og overordna administrative funksjonar
Ansvar for utvikling, iverksetting og oppfølging av administrative prosedyrar og rutinar
Saksbehandlings, utviklings- og utgreiingsoppgåver
HMS-ansvar
Økonomioversikt og god disponering av instituttets areal
Delta i strategiarbeid og utvikling av administrasjonen
Omstillingsoppgåver
Rådgjevar og støttefunksjon for instituttleiar og leiargruppa i administrative saker
Sekretær for instituttrådet
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Relevant administrativ erfaring
Leiarerfaring er ein føremon
Gode digitale ferdigheiter
Gode samarbeidsevner
Vere strukturert og ha gode planleggingsevner
Erfaring med søknadsprosessar innan forsking er ein føremon
God skriftleg og munnleg framstillingsevne i båe målføre og engelsk
Vi søkjer ein person som
har evne til å involvere og motivere
har stor grad av sjølvstende, er løysingsorientert og sørvisinnstilt
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
ønskjer å arbeide med administrasjon som støtter forsking, utdanning og innovasjon
likar å jobbe i eit travelt miljø med stort spenn i arbeidsoppgåver
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn som administrasjonssjef (kode 1058) er for tida 720 100 – 821 100 (lønssteg 72-78). For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Instituttleder Christian Vedeler, e-post: christian.vedeler@uib.no, mobil: 918 37 971
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.