Studiekonsulent - Institutt for informasjons- og medievitenskap
Søknadsfrist: 22.09.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Studiekonsulent ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei fast stilling som studiekonsulent ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Institutt for informasjons- og medievitskap er eit tverrfagleg, forskingsintensivt fagmiljø med forskingsgrupper og studietilbod innan media og kommunikasjon, informasjonsvitskap, journalistikk, interaksjonsdesign samt TV-produksjon. Instituttet har for tida 35 vitskaplege stillingar og 25 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Om lag 1200 studentar er knytt til instituttets bachelor- og masterprogram.
Administrasjonen ved instituttet har om lag 14 årsverk og vert leia av administrasjonssjef. For meir informasjon om instituttet viser vi til her.
Den som blir tilsett har ei viktig rolle for studieprogram innan Medier og kommunikasjon. Studiekonsulenten vil vere ein sentral støttespelar i arbeidet med rekruttering av studentar og sikre at studentane gjennomfører sitt planlagde studium.
Arbeidsoppgåver:
Studieplanarbeid, kvalitetssikring og rutineutvikling
Studierettleiing, rekrutterings- og informasjonsarbeid
Undervisningsplanlegging
Studentutveksling
Seminarkoordinering
Eksamensarbeid
Bestillingsfunksjonar og diverse driftsoppgåver
Saksbehandling
Sekretær for programrådet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Bachelor i eit samfunns- eller humanvitskapleg fag, fortrinnsvis med medievitskap i fagkretsen
Relevant praksis. Studieadministrativ praksis frå universitets- og høgskulesektoren er ei føremon
God administrativ IT-kompetanse.
God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
Evne til å arbeide systematisk
Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Kompetanseutvikling i eit spennande fagleg og sosialt miljø
Løn som førstekonsulent i kode 1408/Lr21.8 i det statlege regulativ, ltr. 47 - 53 avhengig av tenesteansiennitet. Dette utgjer for tida kr. 428 200 – 472 000 per år. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.