Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Studiekonsulent - Institutt for informasjons- og medievitenskap

Søknadsfrist: 30.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studiekonsulent ved Institutt for informasjons- og medievitenskap

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei fast stilling som studiekonsulent ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Institutt for informasjons- og medievitskap er eit tverrfagleg, forskingsintensivt fagmiljø med forskingsgrupper og studietilbod innan media og kommunikasjon, informasjonsvitskap, journalistikk, interaksjonsdesign samt TV-produksjon. Instituttet har for tida 35 vitskaplege stillingar og 25 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Om lag 1000 studentar er knytt til instituttets bachelor- og masterprogram.

Administrasjonen ved instituttet har om lag 12 årsverk og vert leia av administrasjonssjef.

Instituttet er partner i klyngeprosjektet Media City Bergen (MCB) og delar av verksemda ved instituttet, irekna denne stillinga, er lokalisert her. For meir informasjon om instituttet viser vi til: http://www.uib.no/infomedia.

Den som blir tilsett har ei viktig rolle for studieprogram innan film- og TV-produksjon, journalistikk og interaksjonsdesign som er etablert i MCB. Studiekonsulenten vil vere ein sentral støttespelar i arbeidet med rekruttering av studentar og sikre at studentane gjennomfører sitt planlagde studium.

Arbeidsoppgåver

  • Studieplanarbeid, kvalitetssikring og rutineutvikling
  • Studierettleiing, rekrutterings- og informasjonsarbeid
  • Undervisningsplanlegging
  • Studentutveksling
  • Seminarkoordinering

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Bachelor i eit samfunns- eller humanvitskapleg fag, fortrinnsvis med medievitskap i fagkretsen
  • Relevant praksis. Studieadministrativ praksis frå universitets- og høgskulesektoren er ei føremon
  • God administrativ IT-kompetanse.
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
  • Evne til å arbeide systematisk

Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby

  • Kompetanseutvikling i eit spennande fagleg og sosialt miljø
  • Løn som førstekonsulent i kode 1408/Lr 21.8 i det statlege regulativ, ltr. 47 - 53 avhengig av tenesteansiennitet. Dette utgjer for tida kr. 428 200 – 472 000 per år. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS