LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studentpraktikantar knytt til berekraftssatinga - Sentraladministrasjonen

Søknadsfrist: 30.11.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studentpraktikantar knytt til berekraftssatinga

Universitetet i Bergen søkjer studentar til berekraftssatsinga.

Er du vår nye berekraftspilot?

Universitetet i Bergen består av rundt 18 500 studentar og 4000 tilsette. Skal vi nå våre mål er det svært viktig at studentmassen involverast og vi lyser derfor ut fire 20 %- stillingar som studentpraktikantar. I arbeidet som berekraftspilot vil du bidra til å løfte studentperspektivet inn i UiB sitt arbeid med berekraft og Klimanøytralt UiB 2030, og sikre at vi “lærer som vi lever”. Du vil være tett knyttet opp mot leiinga ved universitetet og kan motivere og engasjere både studentar og tilsette til et felles klima – og berekraftsdugnad. Arbeidstida vil være delt mellom arbeid samen med mentor, og fellesprosjektet i samarbeid med de andre bærekraftspilotene.

Vi søkjer ein praktikant til kvart av satsingsområda globale samfunnsutfordringar, klima og energiomstilling og marin forsking. I tillegg ønsker vi en pilot som knytt opp mot SDG-Bergen.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere aktivitetar som kan bidra til å sette berekraft og klimanøytralt UiB på dagsorden for studentane ved UiB.
  • Delta og bidra med studentperspektiv i satsingsområdet.
  • Komme med idear knytt til berekraft og klimanøytralt UiB.
  • Vere et bindeledd mellom studentane og universitetsleiinga og følge opp studentinitiativ knytt til berekraft og Klimanøytralt UiB.
  • Lage plan for aktivitetar innafor ramma for budsjett tildelt berekraftpilotanes arbeid.
  • Ha fast kontortid en dag i veka.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha god kjennskap til Universitet i Bergen.
  • Du må ha stort engasjement for berekraft og ha eit ønske om å leggje til rette for studentane si rolle i arbeidet.
  • Interesse for arbeide i prosjekt og styring av prosjekt.
  • Du må like å arbeide i team samtidig som du evnar å arbeide sjølvstendig.
  • Du må vere initiativrik og arbeide målretta.

Vi kan tilby:

  • Som berekraftpilot får du høve til å arbeide med prosjekt og aktivitetar som vil kunne bidra til å auke studentane sin kompetanse på berekraft. Du vil få utvida og etablert nettverket ditt ved UiB og samstundes arbeide med nybrottsarbeid. Arbeidstidene vil vere fleksible slik at du kan kombinere stillinga med studiar.
  • Løn som konsulent etter lønnssteg 35-39 (kode 1065/LR17/alt. 5) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 364 400 - 382 900 i full stilling. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Stillinga varer frå 1. januar 2021 til 31.12.2021.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • HR-direktør Sonja Dyrkorn, HR-avdelinga, tlf. nr. 481 62 687 eller
  • Seksjonssjef Janne Marie Solheimslid, HR-avdelinga, tlf. nr. 918 19 544

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi ber om at du i søknaden skriv inn kva av satsingsområde/-områder du søkjer.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS