Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret. Universitetsdirektøren sitt kontor omfattar Sekretariat for universitetsledelsen og Holbergprisens sekretariat.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent ved Rektors kontor
Ved rektors kontor er det ledig ei stilling som seniorkonsulent. Stillinga er del av rektors kontor og inngår som del av universitetsledelsens felles stab.
Arbeidsoppgåver:
Rådgjevingsoppgåver for rektoratet i strategiske spørsmål
Førebuing av møter i samråd med rektoratet og i tråd med universitetets strategiar og vedtak
Oppfølgjing av rektoratets publiseringskanalar i sosiale medier
Utarbeiding av talar og tekstar i tråd med rektoratets valplattform og med universitetets strategiar og vedtak
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Erfaring frå informasjons- og formidlingsverksemd
Solid innsikt i universitets- og høgskulesektoren og i forskings- og utdanningspolitiske spørsmål
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Evne til å arbeide målretta, effektivt og sjølvstendig
Svært god evne tilskriftleg og munnleg framstilling på norsk
God evne til skriftlig og munnleg framstilling på engelsk
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 58 - 63 (for tida kr 524.900 – 574.700) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.